Telenor varslar om redusert kapasitet/dekning under oppgradering 30.11 - 7.12Telenor oppgraderar no mobilnettet slik at fleire får tilgang til 5G og enda bedre kapasitet på 4G. Oppgraderingaskjer ved at basestasjonane blir oppgradert. Under oppgraderinga vil det vere lågare kapasitet, og i periodar ingen dekning, i området basestasjonane dekker. Dette gjeld kun i område der ein ikkje har overlappande dekning frå ein annan basestasjon.Det er 30. november kl. 07.00 planlagt oppstart av arbeid på ein basestasjon som dekker delar av Stad kommune. Arbeidet er forventa ferdigstilt 7.12 kl. 16.00. Arbeidet har referansenummer 29087. Det vil vere størst sannsynlegheit for forstyrringar i dagane rundt den 5. desember. Under finn du eit kartutsnitt over området som vil kunne oppleve periodevis redusert kvalitet og manglande dekning i høve arbeidet*. Kundar som har Telenor trådlaust breiband og mobilt abonnement blir kontakta direkte av Telenor, dersom det er forventa at ein mistar dekning på registrert adresse.For meir informasjon om utbygging og dekning finn du på Telenor si nettside.*Oransje = kapasiteten kan bli redusert. Raudt = dekninga kan forsvinne heilt Publisert 27.11.2024 16.27 Sist endra 28.11.2024 15.59