Vasstilførsel Selje vassverk - oppdatert informasjon om låg vasstand

Kommunen arbeider framleis med å stabilisere vasstilførselen etter at driftspersonell tysdag 27. januar oppdaga låg vasstand i Djupedalsvatnet.

Nærmare undersøkingar avdekte at situasjonen skuldast ein kombinasjon av svikt i ein sikkerheitsventil, ein lengre tørkeperiode og isdanning på vassoverflata.

Onsdag 28. januar vart sikkerheitsventilen reparert, og for å hindre ytterlagare fall i vasstanden sende kommunen ut varsel til alle abonnentar med ei oppmoding om å redusere vassforbruket, inntil vidare.

Vidare overvaking og tiltak

I dagane etter feilen vart utbetra, har kommunen overvaka vasstanden tett for å få ei sikker vurdering av restvolumet og kor lenge vassreservane vil vare utan tilsig frå nedbør eller snøsmelting (jamfør vêrmelding om vidare tørke og isdanning).

Måndag 2. februar vart det avgjort at oppmodinga om redusert vassforbruk skal gjelde fram til fredag 6. februar. Dette blir gjort for å sikre at vasstilførselen er stabil medan naturleg tilsig enno er usikkert.

I tillegg til dette gjennomfører kommunalteknikk:

  • lekkasjesøk og nødvendige reparasjonar på leidningsnettet
  • daglege målingar av vasstanden
  • løpande vurderingar av nedbørsprognosar og snøsmelting 

Kommunen si faglege vurdering er at dei iverksette tiltaka vil vere tilstrekkelege til å halde ein trygg vassforsyning fram til naturleg tilsig kjem i gang, og vi kan vende tilbake til normal drift.

Beredskap om situasjonen skulle forverre seg

Kommunen arbeider parallelt med beredskapstiltak for å sikre trygg levering av reint drikkevatn til alle abonnentar dersom vasstanden i Djupedalsvatnet skulle falle ytterlegare.

Løpande informasjon

Alle berørte abonnentar får varslingar og oppdateringar gjennom kommunen sitt SMS-varslingssystem. Informasjon vert òg publisert på kommunen sin nettside.

Sjå kartutsnitt over dei det gjeld her. 

Vi beklagar eventuelle ulemper situasjonen måtte medføre. 

Har du spørsmål, ta kontakt via post@stad.kommune.no
For akutte hendingar knytt til vatn, ta kontakt på vakttelefon 90 12 32 22.