Definer og avgrens sentrums kjerne:
- Kor er hjarte i sentrum?
- Kem er dragaren i sentrum?
- Avgrens sentrum i eit prioritert område med en akse på 200 meter.
Sentrumshjarte
Gruppa som fekk oppgåva med sentrumshjarte. I dette høve har gruppa diskutert kor korte i sentrum er, og plassert hjarter i områdar med sentrumsdragarar og i områdar dei har konkret ønskje om å få til noko. Når det gjeld sentrums hjarte definerte gruppa tre områdar som dei viktigaste: Sagastad/sagaparken, Eidsgata og Alti.
Vidare nemnte gruppa andre sentrale områdar. Hanne Toftedal presisert at gruppa viste til mykje bra, men at det blir nødvendig å prioritere. Under ligg ein liste over punkter gruppa meinte var bra, og/eller ønskjer å utvikle vidare:
- Hamna treningssenter
- Gamle Yris hotell
- Almenningen
- Gamlebanken
- Frislid hjørne
- Didriks
- Aske
- Magnifikk
- Sagastad
- Sagaparken
- Jektehola
Avslutningsvis valde gruppa å diskutere tiltak dei ønskjer å få innført i sentrum.
- Kaffibar og bowling på kaia.
- Utfylling i fjorden; park, oppleving og næring.
- Utfylling nær Alti.
- Viking på moloen.
Sentrumsdragere
Kven kan ta ansvar?
Gruppa som så på kven som kan ta ansvar valde å trekkje fram ønskjer for sentrumsutviklinga som eit utgangspunkt for å engasjerte bedrifter- og innbyggarar. Gruppa presiserte at det er viktig å synleggjere det som er bra i dag. Det vart nemnt at det er liten moglegheit for å få noko å ete på søndagane, eller på ettermiddagane etter jobb.
Gruppa skrev følgande idear som eit utgangspunkt for vidare arbeid på kartet:
- «Eidsgata møter»: meny, kunstsenter/utstillingar, kajakk og småbåt, pop-up butikkar og stupebrett.
- Gravhaugane er eventyrlege og må visast fram
- Utleige av kajakk og vannsykkel
- «Trenings-park» med fastmonterte apparata
- Bibliotek i ledige lokalar i Eidsgata
- Vaskeri
- Kyrkjeparken: isbane til skøyting
- Småhus i gode farge
- Grill/bålpanne
- Kunst
- Utfordre huseigarar til å inkludere kunst rundt kvart hushjørne
- Eventyrfigurar
Sentrumsavgrensing
Ein tydeleg definisjon og avgrensing av sentrum er viktig dersom det skal investerast i økt aktivitet i sentrum. Gruppa som arbeida med sentrum avgrensinga har prioritert aksar mellom fjordfronten og Eidsgata.
Moglegheiter: Gruppa trakk frem nokre ønskjer dei har for å vidareutvikle området rundt bevegelses årane i sentrum. Innspela var hovudsakeleg knytt til blå områder. Det var ønskje om betre tilgang til
Sjøen på baksida av Alti med brygge el., brygge gangveg frå Alti og bort til cruisekaia, badeplass/fiskeplass i nærleiken av cruisekaia og ein badstue/eit sjøbad i nærleiken av småbåthamna. I tillegg til dette kom det innspel om at ein ønskjer ein møteplass/kafé i nærleiken av Statens hus når dette står ferdig.
Barrierar: Gruppa noterte at det er behov for meir tilrettelegging i område rundt Eidsgata, og oppgradering av småbåtkaia med badeplass på utsida av kaia.
Hanne Toftedal kom med innspel om at avgrensinga må strammast ytterlegere inn. Poenget er å definere ein liten kompakt sone som vies spesiell merksemd.