MELDING

Infoside om korona 

Information about corona in other languages

 

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).
 

Info om vaksine og timebestilling 

Informasjon om KORONATESTING

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

eDialog - send post til kommunen på ein sikker måte

eDialog - send post til kommunen på ein sikker måte

Stad kommune har teke i bruk eDialog. Med eDialog kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk sjølv om dei er unnateke offentlegheita.

Send sikker post til Stad kommune

Mange sender dokument til kommunen via e-post. E-post kan vere ein usikker kanal, e-poster kan stoppast i spamfilter eller ikkje komme fram av andre årsaker. 

Ved å nytte tenesta eDialog, kan du no sende oss dokument via ein sikker kanal. Vi oppmodar både privatpersonar og verksemder til å nytte eDialog til å sende dokument trygt inn til oss!

For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID med meir).

Når du har logga deg inn, skal du fylle ut skjemaet og laste opp eventuelle dokument du vil sende oss (dokument må vere i PDF-format).

Slik kan du gjere om eit dokument til PDF-format: For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF. LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylinja som heiter "Eksporter til PDF".

Send brev sikkert til Stad kommune via eDialog

Slik fyller du ut skjemaet

  • Velg om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne).
  • Tittel: Kva dokument du sender og gjerne saksnummeret dersom dette er kjent.
  • Kommentar: Gje ev. ein utfyllande beskriving av forsendelsen din.
  • Husk å laste opp relevante vedlegg som (inntil videre) må vere i PDF-format.
  • Klikk på "Send" - førespurnaden blir kryptert og sendt direkte til vårt sak/arkivsystem. 
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks).

Fordelen med å bruke eDialog 

  • Du sende informasjon gjennom ein sikker kanal
  • Det gir ein sikker identifikasjon av kven som er avsendar
  • Innsendt post blir sendt rett inn i vårt sak/arkivsystem

Vi anbefalar deg å bruke eDialog ved sending av dokument til kommunen, også når innhaldet ikkje er unnateke offentlegheita.

E-post kan framleis brukast for enkle spørsmål og førespurnader som ikkje skal journalførast i kommunen sitt sak/arkivsystem.

Du skal ikkje bruke eDialog dersom

  • Kommunen har elektroniske skjema til formålet, f.eks. søknad om barnehageplass, søknad om stilling m.m. Klikk for oversikt på alle våre digitale skjema.
  • Førespurnaden gjeld enkle spørsmål som ikkje skal journalførast hos oss, då kan du kan sende e-post til post@stad.kommune.no

Kontaktinformasjon

Besøksadresse: Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid

Telefon: 57 88 58 00   E-post: post@stad.kommune.no

Du kan også treffe oss på innbyggjartorget i Selje. Selje kommunehus, Nabben 80, 6740 Selje