Fritidskontakt

Fritidskontakt

Fritidskontakt (støttekontakt) er eit tilbod til personar som har behov for sosialt samvær eller støtte til å delta i aktivitetar utanfor heimen. Fritidskontakten kan vere med deg på turar, på kafe, trening, kino eller andre sosiale aktivitetar.

Kven kan få tilbodet?

Både barn, ungdomar og vaksne kan få tilbodet. Tenesta vert gitt etter ei konkret vurdering.

Prisar

Tenesta er gratis, men utgifter til aktivitetar må du dekkje sjølv. Du kan ha rett til følgjekort, slik at fritidskontakten din kan få gratis inngang til enkelte aktivitetar.

Søknad

Du søkjer ved på bruke søknadsskjema om helse- og omsorgstenester.

Søk om helse- og omsorgstenester

Søknadsbehandling

Søknaden vert behandla av bu- og miljøtenesta i Stad kommune. Søknaden vert behandla så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, sender vi skriftleg melding om årsaka til det.

Dersom du ikkje er samd i vedtaket, kan du klage til kommunen innan fire veker frå du fekk brevet. Du må skrive kva du er usamd i og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Send klagen til Stad komune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Spørsmål

Har du spørsmål om fritidskontakt kan du ta kontakt med bu- og miljøtenesta i Stad kommune.

Lover og forskrifter

Helse- og omsorgstjenesteloven

Kontakt

Solveig Kristine Aas
Miljøterapeut
E-post
Mobil 488 92 418
Stad kommune
E-post
Telefon 57 88 58 00