Forord
Arbeid mot vald i nære relasjonar har vore eit nasjonalt satsingsområde. I regjeringa sin handlingsplan Frihet fra vold (2021-2024) skal ein gjennom fleire tiltak på kommunalt nivå førebygge og hindre denne form for alvorleg kriminalitet. Eit av tiltaka er auka bruk av kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar.
Stad kommune har ikkje hatt ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Våren 2024 utarbeidde leiargruppa eit mandat for å få laga ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar for Stad kommune. Ei arbeidsgruppe skulle utarbeide eit framlegg til revidert handlingsplan ved å nytte deltakarane sin samla kompetanse og kjennskap til organisasjonen og lokalmiljøet sine føresetnader for arbeidet med førebygging, avdekking og oppfølging av vald i nære relasjonar.
Prosjektansvarleg er kommunalsjef for oppvekst og opplæring, Harald Sivertsen. Arbeidsgruppa har bestått av Anett Munch Oen, spesialsjukepleiar Bu og miljøtenesta, Irene Svidal, sosialpedagogisk rådgjevar Nordfjordeid skule, Mari Solheim, helsesjukepleiar og Britt Remme, einingsleiar barnevern.
Ei referansegruppe og alle einingsleiarar har fått moglegheit til å komme med innspel til arbeidsgruppa under prosessen. Samla sett gir dette eit heilskapleg bilde av korleis Stad kommune jobbar inn mot vald i nære relasjonar.
Innleiing
Gjennom ein godt implementert handlingsplan skal tilsette og andre innbyggjarar i Stad kommune ha nødvendig merksemd og tilstrekkeleg kunnskap til å kunne handle på best mogleg måte ved mistenkt eller erkjent vald i nære relasjonar.
Kommunen skal ha gode tiltak for korleis ein kan førebygge, avdekke og handtere vald i nære relasjonar. Kommunen skal samarbeide på tvers av ulike instansar i og utanfor eigen kommune, slik at skadeverknadane av vald vert avgrensa i størst mogleg grad. For å lykkast må innsatsen vere heilskapleg og samordna. Meir satsing på førebyggande arbeid og tidleg innsats retta mot barn og unge er fokus i denne planperioden.
Handlingsplanen skal vere tilgjengeleg og kunne nyttast av alle, og den skal vere brukarvennleg utarbeida. Handlingsplanen skal vere ei nyttig kunnskapskjelde og eit nyttig verktøy for alle innbyggarane i Stad kommune.
Nasjonale myndigheiter har utarbeida ein handlingsplan som ligg til grunn for Stad kommune sitt arbeid, Frihet fra vold. Målet er at ein gjennom vår handlingsplan tek nokre viktige steg mot eit tryggare samfunn der friheit frå vald for alle blir ein realitet.
I tillegg baserer handlingsplanen seg på Stad kommune sin Kommunedelplan for helse og omsorg 2023-2035. Den skal blant anna skal bidra til å nå FN sitt berekraftsmål nr. 3, som handlar om å sikre god helse og fremme livskvalitet for alle, uavhengig av alder.
Også Kommunedelplan for oppvekst 2023-2035 har sentrale element som óg ligg som eit grunnlag for denne handlingsplanen, jamfør Mål - slik vil vi ha det.
Kva er vald i nære relasjonar?
I denne planen legg vi til grunn same forståing for omgrepet vald i nære relasjonar som i regjeringa sin handlingsplan, Frihet fra vold:
«Vold i nære relasjoner er ikke bare fysisk vold, men også psykiske, seksuelle og økonomiske overgrep mot en person voldsutøveren har en nær relasjon til. Det kan være vold fra nåværende eller tidligere partner, inkludert kjæreste, samboer og ektefelle. Det kan også være vold mot andre i nær relasjon, både barn, unge, voksne og eldre». Vald i nære relasjonar omfattar og barn som er vitne til vald. (NKVTS)
Vald og overgrep kan ramme alle menneske, men enkelte grupper er særleg risikoutsette. Risikoen er ekstra stor i situasjonar der personar er avhengige av hjelp frå andre i kvardagen. Kvinner er i større grad utsett for alvorleg og gjenteken vald. Innvandrarkvinner er meir utsett for vald enn innvandrarmenn og kvinner i befolkninga elles. Eldre personar, personar med nedsett funksjonsevne og unge personar frå lhbtiq-miljø er meir utsett for vald i nære relasjonar enn befolkninga elles.
Vald mot tenestemottakarar som vert utøvd av tilsette kan ha visse fellestrekk til vald i nære relasjonar. Tiltak retta mot vald frå tilsett til tenestemottakar, mellom tenestemottakar og frå tenestemottakar til tilsett inngår ikkje i rammene for regjeringa sin handlingsplan, og difor heller ikkje i denne planen.
Innsatsområde i planperioden
Stad kommune skal gjere informasjon lett tilgjengeleg for menneske i alle aldrar og sette i verk tiltak for å førebygge, avdekke og handtere vald i nære relasjonar. Gjennom førebygging kan ein forhindre store menneskelege lidingar og spare samfunnet for store kostnader.
Regjeringa sitt fremste mål (Frihet fra vold.) når det gjeld førebygging, er å hindre at vald i nære relasjonar førekjem. God førebygging kan redusere behovet for meir inngripande tiltak seinare. Det vil óg kunne spare enkeltindivid og samfunnet for store kostnader, både menneskelege og økonomiske.
Betre tverrfagleg innsats – BTI-modellen
Stad kommune har fokus på at alle barn og unge skal ha ein trygg kvardag. Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid er viktige faktorar i førebyggande arbeid mot vald i nære relasjonar. Stad kommune har tatt i bruk BTI-modellen. Dette er ein samhandlingsmodell ulike einingar skal nytte når dei møter gravide, barn, unge og foreldre dei har ei bekymring for.
Hensikta med BTI-modellen er tidleg innsats, oppfølging og brukarmedverknad for det barnet og familien det gjeld (Forebygging.no). Informasjon om BTI i Stad kommune finn ein på nettsida:
BTI - Betre tverrfagleg innsats - Hovudportal. Her ligg informasjon om korleis ein jobbar innanfor
BTI-modellen, med tilgang til informasjon, ulike verktøy og metodar. Der ligg og oversikt over ulike einingar sine tiltak Tiltaksoversikt – Stad – BTI.
Innsatsområde 1:
Forebygge og forhindre at vald i nære relasjonar skjer
Mål:
• Alle i Stad kommune skal vite kva vald og overgrep er, og at å utsette andre for dette er helseskadeleg og straffbart.
• Alle tilsette i Stad kommune får informasjon om temaet gjennom eininga sitt årshjul.
• Alle foreldre har tilstrekkeleg kunnskap om barn sine utviklingsbehov, for å sikre at ein er omsorgsfulle og utviklingsstøttande foreldre som gjev barna ein trygg oppvekst.
• Alle barn får informasjon om temaet på ulike arenaer dei oppheld seg.
Innsatsområde 2:
Avdekke vald i nære relasjonar
Mål:
Alle tilsette i Stad kommune skal ha kunnskap, kompetanse og tryggleik nok til:
• å fange opp signal på om nokon kan vere utsette for vald og overgrep
• å snakke med den det gjeld om det dei ser og er uroa for
Innsatsområde 3:
Korleis handtere informasjon om vald i nære relasjonar
Mål:
• Alle tilsette skal vite korleis ein handterer informasjon om vald og overgrep og kven ein kan/skal kontakte.
• Alle i Stad kommune skal vite kvar dei kan ta kontakt for å få hjelp dersom ein blir utsett for vald, utset andre for vald eller treng hjelp for å unngå å utsette andre for vald.
Plan for implementering
Denne planen inneheld innsatsområde, mål, ansvarsfordeling og konkrete tiltak i høve arbeid mot vald i nære relasjonar. Den inneheld óg informasjon om kor ein kan ta kontakt for å få hjelp.
Alle tilsette i Stad kommune skal ha god kjennskap til denne handlingsplanen. Det er viktig for å ha nødvendig merksemd på, og tilstrekkeleg kunnskap til å kunne handle på best mogeleg måte ved mistenkt eller erkjent vald i nære relasjonar. Alle tilsette skal gjennomgå tilstrekkeleg opplæring for å kunne førebygge, avdekke og handtere vald i nære relasjonar. Alle einingsleiarar skal implementere planens tiltak/ressursar i årshjulet til eininga og sørge for at alle tilsette får lik informasjon/opplæring. Planen skal vere eit oppslagsverk der tilsette kan finne informasjon og ressursar som kan nyttast i deira arbeid.
Planen skal og vere nyttig for alle som bur i Stad kommune, både for å vite korleis kommunen jobbar ut mot innbyggarane i høve temaet, men og som eit oppslagsverk dersom ein lurer på kva vald er og korleis ein kan hjelpe andre eller få hjelp sjølv.
Planen skal vere tilgjengeleg for alle på kommunen sine nettsider og inneheld lenkjer til aktuelle nettsider. I tillegg vil det blir laga brosjyre med kortfatta informasjon om temaet og kontaktinformasjon til aktuelle hjelpeinstansar.
Alle kommunale einingar har ansvar for å formidle planen/brosjyren til innbyggarar dei møter i sitt arbeid slik at kunnskap om temaet, innsatsområde og mogleg hjelp vert formidla til flest mogleg.
Handlingsplanen skal óg gjerast synleg for bedrifter i Stad kommune som ikkje er kommunale, for å sikre at alle innbyggjarar og arbeidstakarar har god nok informasjon om arbeidet med å forebygge, avdekke og handtere vald i nære relasjonar. Dette må gjerast i samanheng med allereie eksisterande samarbeid og treffpunkt mellom kommunal og privat sektor.
Planen skal evaluerast etter gjeldande retningslinjer, på lik linje med andre planar i Stad kommune.
Kva skal du gjere?
Trygt samfunn – et ansvar for alle
«Samfunnet vårt er avhengig av at vi bryr oss og tar vare på hverandre.
Derfor har alle i Norge avvergingsplikt. Vi har alle plikt til å avverge alvorlige lovbrudd som drap, voldtekt, vold i nære relasjoner og seksuelle overgrep mot barn. Om det ikke er trygt for deg å gripe inn har du likevel plikt til å varsle politiet.
Husk at avvergingsplikten alltid går foran taushetsplikten!» - https://plikt.no
Avvergingsplikta i straffelova § 196 gjeld for alle til ei kvar tid, og opphevar eventuell teieplikt. Du må ikkje vite sikkert at noko skjer, det kan vere nok å ha ein mistanke.
Er den som blir utsett for vald barn, kan du avverje enten ved å kontakte politiet på telefon 112 eller 02800, eller barnevernstenesta. Er du offentleg tilsett kan du og ha meldeplikt til barnevernstenesta etter barnevernslova § 13-2.
Er den som blir utsett for vald vaksen, kan du avverje ved å kontakte politiet.
Du skal ikkje sette liv og helse i fare.
Du kan drøfte saker anonymt både hos politi og barnevernstenesta. Dei vil kunne gje råd om kva du skal gjere vidare.
Kven kan hjelpe/kvar kan du få hjelp
Det viktigaste du kan gjere er å dele det med nokon!
Snakk med nokon du stolar på. Ingen skal bli utsett for vald!
Det er mange instansar som kan hjelpe, både om du trur/veit at nokon blir utsett for vald, om du sjølv blir utsett for vald, eller om det er du som utøver vald. Under er eit utval av aktuelle instansar du kan ta kontakt med for å søke råd eller be om hjelp.
Lovverk
Det er mange lover som regulerer ulike instansar si hjelpe- og handlingsplikt.
Her finn du ei samla oversikt over aktuelle lover.