Transportstøtte til ungdomsarrangement

Kvart år søkjer Stad ungdomsråd og sakshandsamar for LTU-ordninga om midlar frå Vestland fylkeskommune til lokale transporttilbod for ungdom (LTU). Målet med ordninga er å gjere det enklare for ungdom å delta på fritidsaktivitetar og ungdomsarrangement, også når mangel på transport kan vere ei hindring.

Kven kan søkje?

Ungdom, lokale lag og organisasjonar og andre arrangørar i Stad kommune kan søkje om støtte til skyss for arrangement og aktivitetar som er retta mot ungdom i alderen 13–19 år.

Ordninga gjeld først og fremst transport til og frå fritidsaktivitetar og ungdomsarrangement på ettermiddags- og kveldstid.

Kriterium for å få støtte

For å få støtte gjennom LTU-ordninga må:

  • arrangementet vere rusfritt og ha tilstrekkeleg med vakter eller andre trygge vaksne
  • arrangementet vere ope og inkluderande for ungdom i alderen 13–19 år
  • alle i målgruppa kunne delta, uavhengig av tru, livssyn, identitet eller bakgrunn
  • arrangementet finne stad i Stad kommune
  • skyssen gå innanfor kommunegrensene til Stad kommune

Eigendel for skyss

Ungdommane betaler ein eigendel på:

  • 50 kroner per person éin veg
  • 100 kroner per person tur-retur

Søknadsfrist

Søk i god tid før arrangementet. Søknaden må sendast inn seinast to veker før arrangementet.

Kva kan du ikkje få støtte til?

Det blir ikkje gitt støtte til arrangement som berre er opne for ei bestemt eller avgrensa gruppe. Dette gjeld til dømes elevkveldar, konfirmasjonssamlingar og liknande arrangement. 

Marknadsføring og ansvar for skyss

  • Arrangøren skal marknadsføre skysstilbodet godt og sørgje for at informasjonen når ut til heile målgruppa.
  • Den ansvarlege arrangøren har ansvar for å:
    1. marknadsføre skysstilbodet
    2. ta imot påmeldingar
    3. bestille transport
  • Det skal gå tydeleg fram i marknadsføringa at skysstilbodet er finansiert med LTU-midlar frå Stad kommune og Vestland fylkeskommune.

Oppfølging ved avreise og retur

Ein vaksen representant for arrangøren skal ha ansvar for å følgje opp deltakarane:

  1. Ved avreise til arrangementet: Sjekke at alle som har meldt seg på skyssen, er komne og kjem seg med transporten.
  2. Ved retur: Sjekke at alle som er påmelde returskyssen, er på plass og kjem seg med transporten.

     Søk om midlar her

Til orientering – bestilling og betaling av transport

  • Sakshandsamar i Stad kommune informerer aktuelle taxi- og transportselskap om kva arrangement som har fått innvilga støtte til skyss, og kven som er ansvarleg arrangør og kan bestille transport.
  • Arrangøren har sjølv ansvar for å bestille transport hos eit firma som har gyldig persontransportløyve, til dømes taxi-, minibuss- eller busselskap.
  • Ungdommane betaler ein eigendel på 50 eller 100 kroner. Restbeløpet blir fakturert til Stad kommune og belasta LTU-prosjektet.
  • Fakturaer frå taxi- og transportselskap som skal belastast LTU-prosjektet, blir kontrollerte av sakshandsamar for LTU-ordninga i Stad kommune før utbetaling.

Bakgrunn for LTU-ordninga i Stad kommune

Kvart år søkjer Stad ungdomsråd og sakshandsamar for LTU-ordninga om midlar frå Vestland fylkeskommune til lokale transporttilbod for ungdom (LTU).

Målet med ordninga er å gjere det enklare for ungdom å delta på fritidsaktivitetar og ungdomsarrangement, også når mangel på transport kan vere ei hindring.

Tilbodet er primært retta mot ungdom mellom 13 og 19 år og gjeld transport til og frå aktivitetar og arrangement på ettermiddags- og kveldstid.