Det fungerer også som eit verdifullt hjelpemiddel for rådgjevarar og andre som arbeider med slike saker. Med dette verktøyet kan ein lettare identifisere bønder som treng hjelp, og i større grad gi rett hjelp i tide for å forhindre at situasjonen blir verre. Nettverket er etablert i samarbeid med dei lokale faglaga og organisasjonane i og rundt næringa.
Nettverket vil medverke til å samordne tenestene som bønder i Nordfjord nyttar.
Nettverket arbeider for å førebygge psykisk uhelse i landbruket og fungere som eit tryggleiksnett om ei hending skulle oppstå og ramme ein bonde. Målet er å gjere kvardagen tryggare, førebygge psykisk uhelse og yte hjelp om personlege kriser, ulykker eller vanskelege livssituasjonar rammar ein bonde.
Nettverket vil fungere som ei oversiktleg liste over lokale aktørar, fagpersonar og ressurspersonar som ein kan kontakte – anten ein er bonde og treng hjelp sjølv, eller om ein er bekymra for nokon anna. Personane i nettverket vil vidareformidle meldingar og sørge for at riktig hjelpeapparat vert kopla inn. Nettverket er eit samarbeid mellom landbruksmiljøet, kommunar og organisasjonar i landbruket i Nordfjord.
Ressursgruppa er nettverket sitt ansikt ut som du som bonde skal kunne kontakte for å få hjelp. Medlemmane i ressursgruppa har teieplikt. Også andre som er uroa for at ein bonde står i ei krise eller ein utfordrande situasjon kan kontakte oss. -Vi håpar at nettverket skal senke terskelen for ein bonde å be om hjelp i ein vanskeleg situasjon. Det viktigaste vi alle som innbyggarar kan gjere, er å bry oss om kvarandre, stikke innom og spørje om korleis det går seier Trine Alme.
Dei som er med i ressursgruppa er frå venstre: Inge Kjell Lindvik (Landbrukstenester Nordfjord), Trine Alme (landbrukskontoret), Hilde-Caroline Roset (Vest landbrukstenester), Eirin Ryssdal (Gloppen bondelag), Trude Iren Saure (Norsk Landbruksrådgiving) og Bjørn Aardal (Nortura)
Les samarbeidsavtalen og finn kontaktinformasjon til medlemmane i ressursgruppa her. (PDF, 479 kB)
