Skjøtselsplaner Stadlandet

Vi har 51 utvalde kulturlandskap i Noreg. Eit av desse er Stadlandet (tidlegare Hoddevik - Liset) i Stad kommune, Vestland. I dette området kan brukarar og eigarar søkje tilskot til skjøtselstiltak. Føremålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å medverke til å sikre verdiar knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, og å sikre langsiktig skjøtsel og drift.  Kjerneområda med skjøtselsplanar er prioritert for tilskot. 

Kommunen kan løyve tilskot til fylgjande tiltak:

  • Restaurering og skjøtsel av areal. Dette er eit prioritert tiltak for å sikre det biologiske mangfaldet, og for å ta vare på kulturlandskapet 
  • Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne 
  • Planlegging av tiltak
  • Tilrettelegging for ferdsel og friluftsliv
  • Formidlingstiltak  
  • Andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga

Kommunen kan betale ut tilskot til drift og skjøtsel av areal i samsvar med dei mål og tilrådingar som er fastsett i gjeldande skjøtselsplanar for området. Følgjande planar er gjeldande for UKL-området Stadlandet:

Her finner du dei ulike skjøtselplanane:

Forvaltningsplan for Hoddevik–Liset 2009 -2029 (PDF, 3 MB)

 Hoddevik i Selje - skjøtselsplan for kulturlandskapet (PDF, 5 MB)

Skjøtselplan for Ytre Drage, Indre og Ytre Fure (PDF, 21 MB)

Skjøtselplan for Liset og Skårbø (PDF, 9 MB)

Skjøtselplan for Årdal (PDF, 2 MB)

Skjøtselplan for Indre Drage og Austmyr (PDF, 7 MB)

Enkelteigedomar Hoddevik (PDF, 8 MB)

Artikkelliste