Skjenkeløyve for enkeltarrangement eller privat selskapOm du ønsker å skjenke alkohol mot betaling i eit selskap må du søke om skjenkeløyve. Det er ulike skjenkeløyve for opne og lukka arrangement. Skjenkeløyve for enkeltarrangemet eller privat selskap Når treng du skjenkeløyve til enkeltarrangement? Du skal servere alkohol mot betaling i eit lukka selskap som til dømes bursdag, bryllaup, jubileum eller firmaarrangement. Du søker då om eit ambulerande skjenkeløyve. Du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område. Du søker då om eit skjenkeløyve for eit enkelt høve. Når treng du ikkje å søke om skjenkeløyve? Du treng ikkje å søke om skjenkeløyve om du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkohol eller du serverer alkohol utan å ta betaling. Kva krav må du oppfylle for å få skjenkeløyve? løyvesøkar må vere fylt 20 år du oppgir kven som skal vere ansvarleg for skjenkinga, skjenkeansvarleg må vere fylt 20 år det er krav om uklanderleg vandel Det kan ta opptil 4 veker før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før arrangementet. Søknaden blir sendt til politiet for vurdering av vandel. Slik søker du Du søker gjennom elektronisk søknadsskjema her. Elektronisk søknadsskjema Kva kostar det? Det kostar 350 kroner. Vi sender faktura. Lover og forskrifter Alkohollova Alkoholforskrifta Publisert02.03.2020 13.48 Sist endra05.05.2020 10.18