Slik søker du
Du søker om permisjon frå undervisninga ved å sende inn digitalt søknadsskjema. Rett søknadsskjema finn du her på nettsida. Bruk PC.
Skulefri i 1 - 3 dagar
Ved skulefri inntil tre dagar, legg inn vanleg fråvær med melding i Vigilo til kontaktlærar.
Bruk Vigilo-app på telefon eller nettbrett eller logg på foreldreportalen til Vigilo.
Pålogging til foreldreportalen i Vigilo via ID-porten
Korleis logge på foreldreportalen i vigilo.no.
Søknad om skulefri inntil to veker (4 til 10 skuledagar)
Det er rektor på skulen som avgjer søknaden om permisjon. Permisjonen må vere fagleg forsvarleg og dei føresette må syte for at borna får nødvendig undervisning i permisjonstida. Barna skal altså kunne følgje med i undervisninga på vanleg måte når dei kjem tilbake.
Du må logge på Vgilo via foreldreportalen og ID-porten for å søkje om permisjon frå undervisninga.
Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere vekke frå skulen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag.
Søknadsfrist for skulefri frå 4 til 10 dagar
Søknadsfristen er normalt fire veker før permisjonen startar, om ikkje anna er avtalt.
Søknadsskjema - Pålogging til foreldreportalen i Vigilo via ID-porten
Korleis logge på foreldreportalen i vigilo.no.
Korleis søkje i vigilo - Les her.
Høve til å få permisjon er heimla i opplæringslova § 2.11.
Søknad om skulefri i meir enn to veker (10 skuledagar)
Dersom føresette vil ta eit barn ut av skulen i meir enn to veker, skal dei melde eleven ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet. Eleven mistar retten til opplæring i utmeldingsperioden, og kommunen har ikkje lenger noko ansvar for opplæringa. Det er då dei føresette som er ansvarlege for undervisninga etter lov og forskrift. Det er rektor på skulen som avgjer søknaden om skulefri også utover to veker.
Søknadsfrist for skulefri utover to veker
Skal eleven søkjast ut av grunnskulen er søknadsfristen normalt fire veker før utmeldinga startar, om ikkje anna er avtalt.
Ulovleg fråvær
Dersom føresette held barnet vekke frå skulen lenger enn den tida dei har fått innvilga gjennom søknad om permisjon, vert dette rekna som ulovleg fråvær, jfr. opplæringslova § 2-1 siste avsnitt.