Regelverk for trygt og godt skulemiljø

Alle elevar rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det på skulen, som er avgjerande.

Skulen skal sørgje for at elevane har det trygt og godt på skulen. Alle som jobbar på skulen, skal følgje med på at elevane har det bra. Dersom ein vaksen veit om – eller trur – at ein elev blir mobba, plaga, eller på andre måtar ikkje har det bra, skal ho eller han alltid

  • gripe inn og stoppe krenkinga med ein gong, dersom det er mogleg
  • seie frå til rektor
  • undersøkje det som har skjedd

Rektor har ansvar for å lage ein plan og setje inn tiltak for at eleven igjen får det trygt og godt på skulen. Dette blir kalla skulen si aktivitetsplikt.

Kva dersom ein elev blir mobba av ein tilsett på skulen?

Dersom ein elev opplever å bli mobba eller krenkt av ein lærar eller andre som jobbar på skulen, har skulen eit ekstra ansvar for å følgje opp saka. Rektor skal då varsle skuleeigaren, som vil følgje opp saka vidare.

Melde saka til Statsforvaltaren

Dersom du eller barnet ditt meiner at skulen ikkje har gjort nok for å stoppe krenkingar, kan du melde saka til Statsforvaltaren.

  • Først må du ha teke opp saka med rektor på skulen
  • Det må ha gått minst ei veke frå du tok opp saka med rektor
  • Saka må gjelde skulemiljøet på den skulen eleven går på no

Er det heilt spesielle tilfelle, kan du uansett ta kontakt med Statsforvaltaren.

Mobbeombodet i Vestland fylkeskommune

 

Harald Sivertsen

kommunalsjef for oppvekst og opplæring

Kontakt

Harald Sivertsen
Kommunalsjef oppvekst og opplæring
E-post