Selje reinseanlegg

Stad kommune arbeider med å etablere eit nytt reinseanlegg i Selje. Prosjektet er eit viktig miljøtiltak som skal sikre betre reinsing av avløpsvatn, redusere utslepp og oppfylle gjeldande krav i ureiningsforskrifta. 

Bakgrunn 

Det eksisterande reinseanlegget i Selje er gammalt og oppfyller ikkje dagens krav til reinsing, drift, slamhandtering eller arbeidsmiljø. 

Det nye reinseanlegget vil gi:

  • betre reinsing av avløpsvatnet 
  • redusert utslepp til sjø 
  • eit meir robust og framtidsretta anlegg 
  • betre arbeidsforhold og driftstryggleik 

Det eksisterande anlegget skal byggast om til pumpestasjon som skal føre avløpsvatnet vidare til det nye reinseanlegget. 

Reguleringsplanen er vedteken

Arbeidet med detaljregulering starta hausten 2024. Etter planarbeid, fagutgreiingar, høyring og politisk behandling vedtok Stad kommunestyre detaljreguleringa for Selje reinseanlegg 23. oktober 2025. Reguleringsplanen legg til rette for bygging av det nye anlegget på Reset. 

I samband med planarbeidet vart det gjennomført fleire faglege vurderingar, mellom anna innan:

  • naturmangfald  
  • vassmiljø  
  • risiko- og sårbarheit (ROS) 
  • grunnforhold  
  • vatn, avløp og overvatn (VAO). 

Status i prosjektet

Prosjektet har no gått over frå planfase til gjennomføringsfase. Stad kommune har lyst ut konkurranse om bygging av det nye reinseanlegget. Entreprisen omfattar:

  • nytt reinseanlegg på ny lokalitet 
  • ny pumpestasjon ved dagens reinseanlegg 
  • nye avløpsleidningar i veg, terreng og sjø 
  • tilbakeføring av berørte vegar og areal etter anleggsarbeidet. 


Når kontrakt er tildelt, vil kommunen kunne starte byggjearbeidet. Etter plan skal arbeidet starte opp hausten 2025 og vere ferdigstillt sommaren 2027.

Vidare framdrift

Dei neste stega i prosjektet er:

  • gjennomføring av anbodsprosessen (pågår)
  • val av entreprenør - aug. - september 2026
  • oppstart av bygging - haust 2026 
  • etablering av nytt reinseanlegg og tilhøyrande leidningsanlegg 
  • ombygging av dagens reinseanlegg til pumpestasjon
  • Overtaking av anlegg - sommaren 2027

Kommunen vil halde innbyggjarane orienterte om framdrift, eventuelle anleggsarbeid og trafikale endringar etter kvart som prosjektet utviklar seg.

Eit viktig miljøløft for Selje

Det nye reinseanlegget er eit viktig investeringstiltak for Selje og vil bidra til betre vassmiljø, mindre forureining og ei meir framtidsretta avløpsløysing for lokalsamfunnet. Prosjektet er også ein del av Stad kommune sitt langsiktige arbeid med å fornye og utvikle infrastrukturen for vatn og avløp. 

Varslingsgrense for oppstart av detaljregulering for reinseanlegg i Selje

 

Lenke til arkivsak for detaljregulering:

Sak 2024/4274 - Detaljregulering for reinseanlegg i Selje

Sak 25/154 - Detaljregulering for reinseanlegg i Selje

Lenke til temaplan for avløp:

Temaplan for vassforsyning, avløp og overvatn 2023-2034

Artikkelliste

Kontakt

Hans Thomas Solheim
Prosjektleiar
Telefon 95 85 33 19