Arbeid med Horn høgdebasseng startar oppFrå måndag 22. juni startar arbeidet med nytt høgdebasseng og tilhøyrande ventilhus på Horn i Kjølsdalen. Det eksisterande bassenget er i dårleg materialteknisk stand og må erstattast.I første fase vil det bli etablert eit mellombels basseng, slik at riving av dagens anlegg kan gjennomførast.– Bygginga av nytt høgdebasseng på Horn i Kjølsdalen er eit viktig tiltak for å sikre ei stabil og framtidsretta vassforsyning i området. Det eksisterande bassenget er gammalt og vil bli sanert som del av prosjektet, seier Tor Gunnar Horne, prosjektleiar i Stad kommune.Det nye anlegget vil gi større reservekapasitet i vassnettet, noko som kjem både innbyggjarar og beredskap til gode. I tillegg byggjer vi eit moderne ventilhus som vil bidra til enklare drift og vedlikehald.EntreprenørKonkurransen om bygging av nytt høgdebasseng var på anbod i perioden frå 20. mars–27. april. Stårheim Bygg er vald som entreprenør på prosjektet, og står no ansvarleg for utføringa av prosjektet, som har ein entreprisekostnad på 7 mill. Det nye høgdebassenget er planlagt å vere i drift frå 13. november 2026. Publisert 19.06.2026 14.15 Sist endra 19.06.2026 16.09