Avgift for tilsyn med private avløpsanleggStad kommune sender ut faktura for tilsyn med private avløpsanlegg.Etter ureiningslova er kommunane gitt mynde og pliktar i ureiningssaker. Med heimel i ureiningsforskrifta kap. 12, jf. ureiningslova § 9 mv., har kommunane fått delegert oppgåver og mynde til å føre tilsyn med utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter, turistverksemder og andre verksemder med utslepp som er mindre enn 50 pe (personekvivalentar).Stad kommune v/kommunestyret vedtok den 15.06.2023 i sak 23/102 å inngå vertskommunesamarbeid om felles tilsyn for spreidde avløp og byggesak. I tillegg til Stad, er deltakarkommunane Gloppen, Kinn, Stryn og Bremanger med i samarbeidet, med Gloppen kommune som vertskommune for samarbeidet.For å finansiere tilsynet med spreidde avløp i tråd med vertskommuneavtalen, vedtok Stad kommunestyre den 15.12.2023 i sak 23/187 lokal forskrift om gebyr for tilsyn med mindre avløpsanlegg og gebyr for behandling av utsleppsløyve (https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2023-12-15-2252). § 4 første ledd i denne forskrifta seier at det skal betalast eit tilsynsgebyr kvart år for alle avløp som er omfatta av kapittel 12 i ureiningsforskrifta, og at for eigedomar med fleire avløpsanlegg, skal det betalast eitt gebyr for kvart av anlegga.Stad kommunestyre fastsette den 15.12.2023 i sak 23/172 satsen for tilsynsgebyret til kr 500,-. Det er dette gebyret som no vert fakturert. Nye gebyr- og betalingssatsar i Stad kommune skal vedtakast av Stad kommunestyret på møtet den 13.12.2024. Det er ikkje føreslege endringar i gebyrsatsen for tilsynsgebyret.Gebyr og betalingssatsar Stad kommune 2024 Publisert 29.11.2024 12.54 Sist endra 29.11.2024 12.54