Beitedyr på private eigedomar

Lurer du på kven som har ansvaret dersom sau eller andre beitedyr kjem inn på eigedomen din?

Mange trur at det automatisk er dyreeigaren som har ansvar for å halde beitedyr borte frå private eigedomar. Etter norsk lov er det likevel ofte grunneigaren som har ansvar for å halde dyr ute gjennom forsvarleg gjerdehald.

For dei som ønskjer å unngå beitedyr på eigen eigedom, er det difor viktig å sørgje for at gjerde og grinder er i god stand før beitesesongen tek til.

Beitedyr er ein viktig ressurs for kulturlandskapet vårt. Dei bidreg til å halde landskapet ope, tek vare på biologisk mangfald og er ein sentral del av matproduksjonen og landbruket i kommunen.

Snart blir sau og lam sleppte ut på beite, slik dei har vorte gjennom generasjonar. Vi ønskjer å oppmode til godt samarbeid, god dialog og gjensidig forståing mellom bønder, grunneigarar og naboar.

Vi oppmodar også alle grunneigarar til å ta ein gjennomgong av utmarksgjerda sine før beitesesongen er i full gang. Godt vedlikehaldne gjerde bidreg til eit godt naboskap – til beste for alle.