Bli med på kurs i kvardagsglede!

I haust tilbyr Frisklivssentralen kurs i kvardagsglede. Kurset passar for alle over 18 år som ønsker å ta grep i kvardagen.

Kvardagsgledekurset er ei kursrekke som kan gi deg inspirasjon, råd og hjelp til å øve på teknikkar som kan gje ein betre kvardag og høgare livskvalitet. Kurset er utvikla av Rådet for psykisk helse, i samarbeid med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Kurset legg opp til aktiv deltaking i gruppe, med fokus på å gjere deg bevisst dei fem viktigaste grepa du sjølv kan ta for å fremje livskvalitet og eiga psykiske helse, samt førebygge psykiske lidingar

Kurset går over seks kursdagar og kvar vekentlege økt varar i cirka 2 - 2,5 time. Etter kvar økt får du ein øving til neste gong, som tar utgangspunkt i dine eigne erfaringar. 

Kursdatoar: onsdag 22. okt, 29. okt, 5. nov, 12. nov, 19. nov og 26. nov.

Klokkeslett: 12-14.30 
Pris: kr 300,- (inkl. kursmateriale og enkel servering)

Stad: Rådhusvegen 11, Stad rådhus (Formannskapssalen)

Kursholdarar: Frisklivskoordinatorar Emilie Nyheim og Ragnhild Ryssdal
Påmelding: ragnhild.ryssdal@stad.kommune.no Tlf: 98904720

Frist for påmelding: MÅNDAG 13.10

Bilde av plakat for kurset: Kvardagsglede - Klikk for stort bilete