Brukarundersøking om omsorgsbustadar på Leikanger

Stad kommune har sett i gang eit prosjekt for å kartlegge behov og planleggje for framtidige 
omsorgsbustadar på Leikanger. Prosjektet er ein del av kommunen sitt arbeid med berekraftig omstilling og har som mål å leggje til rette for at personar med omsorgsbehov – både eldre og yngre – får eit godt og framtidsretta tilbod. 

Omsorgsbustadane skal gi tryggleik, nærleik til helsetenester og ein kvardag i fellesskap med andre. Kommunen ønskjer å skape løysingar som kan bidra til auka livskvalitet, betre tilgjenge på tenester og rom for aktivitet og sosial deltaking. 

Prosjektet skal undersøkje moglegheita for å gjennomføre bygging av omsorgsbustadar som eit Offentleg-Privat-Samarbeid (OPS). Dette er den modellen kommunestyret har bedt om at vi vurderer vidare, ettersom kommunen har lite økonomisk handlingsrom til å byggje omsorgsbustadar i eiga regi. 

Kvifor ei undersøking? 

For å lukkast med prosjektet treng vi eit godt kunnskapsgrunnlag. Difor gjennomfører kommunen ei spørjeundersøking retta mot innbyggjarane på Stadlandet. Resultata vil gi oss betre innsikt i kva behov og ønskje som finst, både i dag og framover. 

Undersøkinga skal: 

  • Kartleggje behov for omsorgsbustader blant ulike brukargrupper. 
  • Avdekkje kva funksjonar og tenester som bør vere knytt til bustadene (t.d. personalbase, aktivitetstilbod). 
  • Gi kunnskap om haldningar til ulike løysingar, som samlokalisering og tilrettelegging for velferdsteknologi. 
  • Vere eit grunnlag for vidare planlegging, marknadsdialog med utbyggjarar og politiske vedtak. 

Kven kan svare? 

Undersøkinga er open for alle husstandar i postnummer 6750 (Stadlandet). Det er særleg viktig å få innspel frå: 

  • Personar med omsorgsbehov, både eldre og yngre
  • Pårørande og verjer
  • Andre innbyggjarar som ønskjer å bidra til utviklinga av lokalsamfunnet

Korleis blir resultata brukte?

Svar frå undersøkinga vil bli analysert og samla i ei behovsvurdering. Denne vurderinga vil danne grunnlag for vidare planlegging og marknadsdialog med entreprenørar. Resultata blir òg ein viktig del av saksgrunnlaget når kommunestyret skal ta stilling til korleis prosjektet skal gjennomførast. 
Undersøkelsen vil vere anonym, og ingen personopplysninger blir registrert knytt til svara.

Vidare prosess 

  • Spørjeundersøkinga blir sendt ut i januar 2026 med frist for å svare er 5. februar.
  • Etter at resultata er klare, vil kommunen arrangere informasjonsmøte for innbyggjarane for å gjennomgå desse
  • Prosjektet skal ferdigstillast våren 2026, med forslag til modell og løysing som skal til politisk behandling

Dine svar er viktige

Vi håpar at du som bur på Stadlandet tek deg tid til å delta i undersøkinga. Dine innspel er avgjerande for at kommunen skal kunne planleggje eit tilbod som er tilpassa behova til innbyggjarane no og i framtida.

Svar på undersøkinga 

Du kan svare på undersøkinga ved å fylle ut følgjande digitale skjema:

Lenkje til undersøkinga

Dersom du ikkje har høve til å svare digitalt, kan du kontakte Fredly (tlf. 410 02 206) og hente papirutgåve der.  Du kan ev. ta kontakt med oss og få tilsendt spørjeundersøking pr. post (tlf. 57 88 58 00).

Papirskjema skal returnerast til Stad kommune via post ev. leverast på Fredly (tlf. 410 02 206).

Adresse: Stad kommune
Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid 

Håper du tek deg tid til å svare.
- På førehand takk.

Har du spørsmål til undersøkinga, ta gjerne kontakt.

Kontaktinfo
Hans Thomas Solheim 
Prosjektleiar Stad kommune
hans.solheim@stad.kommune.no
Tlf. 57 88 58 00