Detaljregulering for Kjøde næringsområde - Planendring - Høyring og offentleg ettersyn

I sak 26/066 for Stad formannskap den 11.06.2026 fekk Plan og forvaltning fullmakt til å legge følgjande reguleringsplanar ut på høyring og offentleg ettersyn i medhald av Plan- og bygningslova § 12-10: 

Stad skipstunnel med planID. 2022010 

Lesto næringsområde med planID. 2022014 

Kjøde næringsområde med planID. 2022013 

F - 26/066 Vedtak: 

Stad formannskap som planmynde gjev eining for Plan og forvaltning fullmakt til å legge følgjande reguleringsplanar ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av Plan- og bygningslova § 12-10: 

Stad skipstunnel med planID. 2022010 

Lesto næringsområde med planID. 2022014 

Kjøde næringsområde med planID. 2022013 

Dette høyringsbrevet omhandlar endring av Detaljregulering for Kjøde næringsområde med planID 2022013. 

Offentleg ettersyn
Offentleg ettersyn skal sikre at offentlege organ, naboar, interesseorganisasjonar og andre får høve til å uttale seg om planforslaget før endeleg vedtak.

Planforslaget
Føremålet med planen er å leggje til rette for mottak av massar frå etablering av Stad skipstunnel. Samstundes skal det leggast til rette for etablering av nye næringsområde og anleggsområde på areal som er fylt ut med slike massar. Gjeldande reguleringsplan for Kjøde næringsområde (planID. 2022013) skal framleis gjelde.  

Endringane gjeld i hovudsak:

  • tilrettelegging for rassikring på sjøfylling med sikringsvoll
  • legge til rette for mellombels steinlager på sjøfylling og på område sør for fylkesvegen
  • utviding av  planområdet på land mot nordvest for å sikre areal for mellombels lagring av matjord
  • justering av krav knytt til opparbeiding av rasteplass

 

Dersom de ønskjer ei utskrift av eitt eller fleire av dokumenta, kan de ta kontakt med Stad kommune på tlf. 57 88 58 00.

Innspel og merknader til planforslaget
Du har høve til å kome med skriftleg uttale til planforslaget. Til dømes om arealbruk, omsyn eller andre relevante opplysningar. Uttale skal merkast med «26/8402», og kan sendast via skjema på kommunen sine heimesider, per sikker digital post eller post til Stad kommune, Rådshusvegen 11, 6770 Nordfjordstad. 

Frist for å kome med uttale er sett til 11.09.2026.

Vidare planprosess
Når høyringsfristen er ute, vil kommunedirektøren samanfatte innkomne uttaler og vurdere desse før planforslaget vert lagt fram for sluttbehandling og vedtak. Berørte naboar og grunneigarar vil få tilsendt kunngjering etter vedtak. 


Det vert informasjonsmøte i Selje den 2.september. 
Meir opplysningar om dette møte kjem seinare.