Kommunar, organisasjonar og private tiltakshavarar kan søkje Miljødirektoratet om midlar til tiltak som bidreg til å restaurere forringa natur. Døme på restaureringstiltak i øydelagt eller forringa natur:

- Fjerne framande treslag i kystlandskapet, til dømes sitkagran eller vestamerikansk hemlokk
- Restaurere gjengrodde slåttemarker
- Restaurering av myrer som har vore grøfta
- Restaurering av hagemark
OBS: det gis ikkje tilskot til tiltak som har karakter av laupande vedlikehald eller skjøtsel av naturtypar.
To måtar du kan bidra:
1. Tips oss om område som treng restaurering
- Ta kontakt med Statsforvaltaren i Vestland eller Stad kommune dersom du kjenner til eit område som kan trenge restaurering.
- Statsforvaltaren eller kommunen vurderer området og kan søkje om midlar til tiltak.
- Restaureringa blir gjennomført av fagfolk, og du får informasjon undervegs.
- Du treng ikkje ha erfaring eller betale noko sjølv. Einaste krav er at området ikkje endrast etter restaureringa.
2. Søk sjølv om støtte til restaureringstiltak
- Du kan søkje om tilskot direkte frå Miljødirektoratet.
- Ordningane er opne for grunneigarar, organisasjonar og kommunar.
- Du kan lese meir om støtteordninga her: Tilskudd til naturrestaurering - Søknadssenter
- Søknadsfrist er 15. januar 2026.
Tilskotsordningar for friluftsliv
Som ein del av kommunens oppgåve med å stimulera til friluftsliv og ivaretaking og utvikling av areal innan friluftsliv, informere vi om to aktuelle tilskotsordninger. Sjå tidlegare nyhendesak om dette.