Ei sterk oppmoding frå Statens vegvesen, politiet og Trygg TrafikkPolitiet, Statens vegvesen og Trygg Trafikk ser ein stor auke i alvorlege ulykker og er sterkt uroa for at det vil bli fleire ulykker i sommar når barn og unge har fri frå skulen.Viktig melding om elsparkesyklar– Auken i ulykker med elsparkesykkel blant barn og unge er urovekkjande, og vi deler bekymringa som Statens vegvesen, politiet og Trygg Trafikk gir uttrykk for, seier Kristin Otneim Aarsnes, koordinator for trafikktryggingsarbeidet i Stad kommune.Vi opplever jamleg barn og unge som skadar seg på sparkesykkel. Ofte er det heldigvis mindre skader, men risikoen for meir alvorlege skader er høg, og innimellom går også veldig gale. Sommarferien står no for tur, og bruken av sparkesykkelen aukar. Vi oppmodar derfor foreldre og føresette til å snakke med barna sine om trygg ferdsel i trafikken og ansvarleg bruk av elsparkesykkel. Foreldre og føresette har hovudansvaret for barna i trafikken, og vi ber dykk difor gjere følgjande no:Snakk med barna om trygg bruk av elsparkesykkel og trafikkreglaneSørg for at køyretøyet er lovleg (fart og effekt)Sørg for at køyretøyet er forsikraPass på at barnet har ein hjelm som passar, og at han blir bruktDu finn rettleiing til korleis du kan gjere dette på Trygg Trafikk si nettside denne nettsida Publisert 19.06.2026 10.35 Sist endra 19.06.2026 10.58