Eigedomsskatt for bustadar på landbrukseigedom og fritidsbustadar

Viktig informasjon om eigedomsskatt for eigarar av bustadar på landbrukseigedom og fritidsbustadar.

Stad kommune har eigedomsskatt på bustadar på landbrukseigedom og fritidsbustadar i heile kommunen etter lov om eigedomsskatt § 3g.  

Hovudregelen er at det for denne typen eigedomane skal gjennomførast ny taksering kvart 10 år, jf. eigedomsskattelova § 8 A-3 (2). 

Dette i motsetnad til eigedomar som får eigedomsskatt basert på bustadverdi frå Skatteetaten. For desse eigedomane blir verdien justert kvart år etter marknadsprisane på bustadar i kommunen.

Siste taksering for bustadar på landbrukseigedomar og fritidsbustadar var i 2014. Stad kommune starta difor i 2024 opp arbeidet med ny taksering for desse typar bustad- og fritidsbustad. Informasjon om oppstart av dette arbeidet vart sendt ut til kvar enkelt eigar av aktuell bustad og fritidsbustad i 2024.

Synfaringane som dannar grunnlaget for takseringa starta i september 2024, og arbeidet er ferdig. Sakkunnig nemnd i Stad kommune har, på bakgrunn av framlagt takseringsgrunnlag, vedteke nye satsar for eigedomsskatt på bustadar på landbrukseigedom og fritidsbustadar for perioden 2025 til 2034. 

Den nye takseringa har naturleg nok medført ein auke i takstgrunnlaget, men er å no rekne som oppdatert til same nivå som andre bustadeigedomar i kommunen. 

Til deg som får endra takstgrunnlag

I veke 8 (omkring 20. februar) får du som eigar av bustad på landbrukseigedom og/eller fritidsbustad tilsendt ein skattesetel med detaljert informasjon om eigedomen din. Vi ber deg sjekke opplysningane om eigedomen og dei enkelte bygningane nøye.

Dersom du meiner noko ikkje stemmer, kan du ta kontakt med Stad kommune. På skattesetelen finn du også informasjon om korleis du går fram for å klage.

Ny taksering er gjort i medhald av eigedomsskattelova § 8 A-3 (2) og vedtak i Stad kommunestyre sak PS 24/032.

Eigedomskattekontoret
Stad kommune

(Informasjonen er tidlegare sendt direkte til den enkelte bustadeigar dette gjeld).