Endring for kystvegekspressen

Skyss melder: Frå tysdag 22. april vil Kystvegekspressen ikkje lenger køyre mellom Selje og Måløy. Båtruta får då endestopp i Måløy.

Rute 290 Kystvegekspressen har sidan mai i fjor gått mellom Selje–Måløy–Smørhamn–Florø.

Frå tysdag etter påske køyrer ikkje ruta strekninga Selje–Måløy.

Reisande på denne strekninga kan bruke buss. Linje 160 Måløy–Selje–Leikanger har fleire avgangar kvar veg på kvardagar.

Endringa kjem etter vedtak om innsparingar på ruta. 

Det er ingen endringar i rutetider for resten av ruta mellom Florø–Smørhamn–Måløy.

Informasjon henta frå: Endring for Kystvegekspressen