Familiekontoret i Nordfjord tilbyr kurs for par“Du og jeg og ADHD” er eit grunnkurs i å ta vare på parforholdet når éin eller begge har ADHD. Forskning viser at å håndtere ADHD i parforholdet over mange år kan vere ei utfordring. Kurset er utvikla for å gje par kunnskap om kvifor det er slik, og kva som kan gjerast for å minimere dei negative effektane ADHD kan ha for parforholdet, og korleis par kan utnytte dei positive moglegheitene med ADHD. Tema og målsettingarÅ gi kunnskap om kva ADHD er, og kva effektar ADHD kan ha på parforholdet. Å gi kunnskap om kva som kjenneteiknar gode og varige parforhold. Å styrke samholdet og kvardagskjærleiken.Å tilby verktøy som kan gjere det lettare å meistre negative følelser, irritasjonar, konflikt og forskjellar i personlegheit.Å gi innblikk i korleis ein kan ta i vare lyst og seksualitet i varige forhold. Kurset inneheld teori i plenum og praktiske øvingar skjer parvis i einerom. Det er ingen krav om at deltakarane delar noko privat i gruppa.Kurset er livssynsnøytralt og byggjer i hovedsak på forskningsbasert kunnskap og systematiske tilbakemeldingar frå par og kursleiarar. Kursdagar Kurset går over 4 kveldar. Tirsdag 25. august kl. 17:00 – 20:00 Tirsdag 8. september kl. 17:00 – 20:00 Tirsdag 22. september kl. 17:00 – 20:00 Tirsdag 6. oktober kl. 17:00 – 20:00 Praktisk informasjon Kurset er gratis. Vi ønskjer at alle deltek på heile kurset. Sjekk at tidspunkta passer for deg og din partnar før de melder dykk på. Kurshalder; Trude Rød. Stad; Familiekontoret i Nordfjord For spørsmål og påmelding; Ta kontakt med oss familiekontoret.nordfjord@bufetat.no Publisert 04.08.2026 11.32 Sist endra 04.08.2026 15.49