Festpremiere for «Kjærast» på Det Norske Teatret

Torsdag 17. september var det festpremiere av filmen «Kjærast» på Det Norske Teatret i Oslo. Filmen er regissert av Erik Poppe, med manus av Jon Fosse. Stadlandet, Hoddevika og Selje dannar den storslåtte ramma rundt delar av filmen.

Under arrangementet fortalde regissør Erik Poppe om arbeidet med filmen, innspelinga og møtet med landskapet på Stad. Ordførar Judith Kvåle representerte Stad kommune, og deltok med tale. Festpremieren var òg eit høve til å takke filmskaparane for at dei valde kommunen som innspelingsstad, og til å rette merksemd mot den gode innsatsen frå lokale aktørar og innbyggjarar som bidrog under innspelinga.

«Kjærast» er ein av fleire norske og internasjonale filmproduksjonar som har valt det særmerkte landskapet på Stadlandet som kulisse. Det opne havet, dei bratte fjella, sandstrendene, kulturlandskapet og det skiftande lyset gjer området attraktivt for film-, fjernsyns- og reklameproduksjonar.

- At stadig fleire får auge på Stad som innspelingsstad, gir verdifull merksemd langt utover kommunegrensene. Premieren gav eit viktig høve til å setje Stad kommune og Nordfjord på kartet, og til å synleggjere området for reiseliv og framtidige filmproduksjonar, som igjen kan bidra til lokal verdiskaping seier ordførar Judith Kvåle.

«Kjærast» har ordinær kinopremiere i dag, fredag 18. september. Kjøp deg billett her!

Kinosal med folk, kinolerret med bilde av filmen Kjærast - Klikk for stort bileteEit forventningsfullt og festkledd publikum fylde kinosalen på Det norske Teateret under festpremieren.
Bilete av ein festkledd ordførar Judith Kvåle saman med regissør Erik Poppe - Klikk for stort bileteOrdførar Judith Kvåle i samtale med regissør Erik Poppe.
Tre festkledde personar som held kvart sitt glas. - Klikk for stort bileteKulturminister Lubna Jaffery t.v var også på plass under festpremieren.
Ordførar Judith Kvåle står ved ein mikrofon og held tale. - Klikk for stort bileteOrdførar Judith Kvåle heldt gratulasjons- og helsingstale på vegner av Stad kommune.