Fylkeskommunale planar på høyringVestland fylkeskommune har for tida to viktige regionale planar ute på høyring; Regional plan for verdiskaping og kompetanse, og Regional plan for areal og mobilitet. Du kan no seie meininga di fram til 1. november. Morten Wanvik Planane har eit 12-årsperspektiv og foreslår viktige grep for korleis fylket skal utvikle seg dei komande åra, og legg viktige rammer og føringar for kommunar, næringsliv, lag, organisasjonar, utdanningsinstitusjonar og andre aktørar i fylket. Nyheitssak frå Vestland fylkeskommune Regional plan for verdiskaping og kompetanse set rammene for korleis Vestland skal utvikle næringsliv, arbeidsplassar og kompetanse dei neste åra. Planen er viktig fordi fylket står overfor store utfordringar: fleire eldre, færre i arbeid og eit næringsliv som må stille om til lågare utslepp og ny teknologi.Informasjon om høyringa på Regional plan for verdiskaping og kompetanse Regional plan for areal og mobilitet handlar om korleis vi brukar areala i Vestland på ein smart og berekraftig måte. Planen er viktig fordi vi må redusere klimagassutslepp, ta vare på natur og matjord, og samstundes sikre at Vestland er eit godt stad å bu og drive næring.Informasjon om høyringa på Regional plan for areal og mobilitet Begge høyringane har frist 1. november. Publisert 07.09.2026 12.13 Sist endra 07.09.2026 12.19