Gje dine innspel til kollektivtilbodet - frist 18. februar

Skyss arbeider no med den årlege ruteendringa for 2026, og Stad kommune ønskjer derfor å få dine innspel.

Har du innspel til buss, båt eller ferje der du bur?

Den årlege ruteendringa er ein fast prosess der Skyss går gjennom rutetilbodet for buss, båt og ferje, med mål om å forbetre og tilpasse tilbodet til kvardagen til dei som reiser. Justeringane blir i hovudsak gjennomførte ved skulestart i august.

👉 Frist for å  sende inn innspel er 18. februar 2026.
Dine innspel er viktige for å utvikle eit kollektivtilbod som fungerer godt – både i dag og i framtida.

Gje dine innspel til kollektivtilbodet i Stad kommune