Heimetenesta - ny telefonordning frå 1. marsHeimetenesta i Stad kommune startar med ny telefonordning frå 01.03.26. Dette inneber mellom anna telefontid og nytt telefon nummer.Målsetjinga med ny ordning er å gi brukarar og bebuarar i heimetenesta og bufellesskapa best mogleg oppfølging og kvalitet i tenesta. Framover vil heimetenesta derfor ha faste telefontider der brukarar, pårørande og andre kan ta kontakt per telefon. – Dette gjer vi for å redusere forstyrringar i tenesteytinga og sikre at dei tilsette kan vere mest mogleg til stades hjå brukarane, seier Annette Hovden, einingleiar for heimetenesta i Stad kommune.Brosjyre med informasjon om ordninga er sendt til pårørande og brukarar av tenesta.Info om ny ordning. (PDF, 366 kB) Publisert 25.02.2026 09.19 Sist endra 26.02.2026 09.54