Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00

Måndag 8. juni inviterer Stad kommune til eit ope informasjons- og kunnskapsmøte om aldring og helse. Dette er ei samling for deg som er oppteken av livskvalitet, helse og gode omsorgstilbod i eldre år.

Saman løftar vi blikket mot framtida!

  • Korleis planlegg vi framtidas helsetenester
  • Korleis kan vi bu trygt heime lengst mogleg
  • Kva gir meining og livsglede i kvardagen?
  • Og korleis kan vi støtte kvarandre i å leve gode liv?
     

Helse- og omsorgstenestene er i utvikling, og det skjer endringar i måten vi løyser oppgåvene på. Samstundes veit vi også meir enn før om kva som gir god livskvalitet, meistring og tryggleik i kvardagen.

Denne kvelden ønskjer vi å gje eit godt og oversiktleg bilete av korleis kommunen arbeider med framtidas helsetenester. Målet er å gi deg innsikt i kva som er under utvikling – og kva moglegheiter som finst for å leve godt og trygt heime, også når helsa endrar seg.

Program

Del 1 (ca. 70 min)

  • Velkomen v/ordførar Judith Kvåle og kommunedirektør Kristine Dahl 
  • Helse og omsorgstenestene i Stad v/kommunalsjef Barbro Longva 
  • Demensomsorg i Stad v/rådgjevar Hege-Anita Nesbø 
  • Helseteknologi i Stad v/kommunalsjef Barbro Longva 
     

Pause med kaffi og noko å bite i (20 min)

Del 2 (ca. 75 min)

  • Bu trygt heime - innleiing med video 
  • Bu trygt heime v/Ragna Flotve frå Statsforvaltaren i Vestland 
  • Friskliv og aktivitet v/Frisklivssentralen 
  • Eid frivilligsentral v/dagleg leiar Astrid Grete Torheim 
  • Panelsamtale med oppsummering (20 min)
    Panel: Stad eldreråd v/ Åge Starheim, Røde Kors omsorg v/Toril Fjørtoft, Statsforvaltaren v/Ragna Flokve, kommunalsjef Barbro Longva, Eid frivilligsentral v/Astrid Grete Torheim


Målet med samlinga er å gje innsikt, skape forståing, inspirasjon og rom for refleksjon. I panelsamtalen møtest fagpersonar, brukarar, pårørande, frivillige og beslutningstakarar for å dele erfaringar og lære av kvarandre.

Samlinga er delt i to delar, med pause midt i. Det blir servert kaffi og noko enkelt å bite i.

Tidspunkt / Stad

Måndag 8. juni kl. 17.00-20.00
Operahuset Nordfjord - Operasal

Påmelding

Arrangementet er gratis, men du må melde deg på. Det er fri plassering i salen (ingen setereservasjon). Arrangementet er tilgjengeleg på www.operahuset.no 

Det er også mogleg å reservere billett ved å ringje Stad bibliotek på telefon 918 58 980. Billetten kan du hente i billettluka når du kjem. Har du rullestol, må du ta kontakt for bestilling og reservasjon av plass.

Transport

Treng du transport til arrangementet? Det er sett opp gratis transport frå Leikanger (stopp på Bryggja) og Selje (via Flatraket). Billett til transport kan du bestille på Operahuset sine nettsider, saman med billett til arrangementet.

Påmeldingsfrist for transport:
Søndag 7. juni.

Leikanger-Nordfjordeid-Leikanger (transport om Bryggja) 
Avgang Leikanger (stoppestad Leikanger v/korsen) kl. 15.30.
Bryggja-Nordfjordeid-Bryggja
Påstigning Bryggja (stoppestad: Bryggja – v/grendahuset) ca. kl. 16.15.

Selje-Nordfjordeid-Selje (transport om Flatraket)
Avgang Selje (stoppestad: Selje – v/hamna/prestegarden) kl. 15.30.
Flatraket – Nordfjordeid-Flatraket
Påstigning Flatraket (stoppestad: Flatraket – v/skulen) ca. kl. 16.05.

Retur etter arr. kl 20.00.
Vi ønskjer alle velkomne!

Invitasjon Pdf (PDF, 466 kB)