Historisk dag for Stad – endeleg skjer det!

I dag er ein stor dag for Stad kommune. Meldinga om at Stad skipstunnel er inne i revidert statsbudsjett blir møtt med stor glede og takksemd i heile kommunen.

Ordførar Judith Kvåle i Maurstadparken med rådhuset i bakgrunnen. Held eit norsk flagg. - Klikk for stort bilete

– Dette er ei nyheit vi har håpa på, kjempa for og arbeidd målretta mot gjennom mange år. Difor er dette ein dag som betyr utruleg mykje for oss. Eg kjenner på både glede, stoltheit og framtidstru når vi no ser at prosjektet tek eit avgjerande steg vidare, seier Judith Kvåle ordførar i Stad kommune.

Stad skipstunnel er eit nasjonalt prosjekt med lokal forankring. I fleire tiår har ein sett behovet for ei tryggare ferdsle rundt Stadlandet, og mange har lagt ned eit stort arbeid for å realisere prosjektet.

– Dette er først og fremst ei anerkjenning av den enorme innsatsen som er lagt ned gjennom fleire tiår. Mange har stått på, både lokalt, regionalt og nasjonalt. I dag vil eg rette ein stor takk til alle som aldri har gitt opp trua på prosjektet, - og eg er veldig takknemlig for at tunnelen kjem som følge av revidert og semje mellom partia! Tusen takk også til regjeringa som har valgt å lytte og lære!

Skipstunnelen vil skape tryggare og meir føreseieleg sjøtransport langs kysten, samstundes som han vil gi nye moglegheiter for næringsutvikling, verdiskaping og vekst.

– Stad skipstunnel er ikkje berre viktig for Stad kommune. Dette er eit prosjekt av nasjonal betydning. Han vil styrkje kysten som transportåre og vise at Noreg framleis tør å satse på store og framtidsretta samferdselsprosjekt.

Ordføraren understrekar at dette ikkje er slutten på arbeidet, men starten på ein ny og viktig fase.

– Vi skal framleis arbeide hardt for å sikre framdrift og god ringverknad av prosjektet. Men i dag tillèt vi oss å senke skuldrane og berre glede oss. Dette er ein historisk milepåle for Stad kommune, for regionen vår og for heile kyst-Noreg. 

I dag feirar vi. I morgon held vi fram arbeidet!

Ordførar Judith og Erling Sande gjev kvarandre ein klem. - Klikk for stort bileteEit svært blidt møte i vegkrysset ved Rådhuset måndag morgon! Erling Sande på veg i bil vestover mot Stad.

Ordførar Judith Kvåle,
Stad kommune 8. juni 2026