Høyring: Forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort Stad kommune har gjort eit administrativt vedtak, i samråd med ordførar, om å legge eit framlegg til lokal forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termisk siktemiddel ved jakt på hjort i Stad kommune på høyring. Høyringsfrist er:19.08.2026. Viltressursloven tok til å gjelde 1. juli 2026. Lova forbyr bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt (§ 26)Lov om jakt, fangst og felling av vilt mv. (viltressursloven) vart vedteken i Stortinget 2. juni 2025, og tok til å gjelde 1. juli 2026. Viltressursloven erstattar viltlova frå 1981.Den nye lova forbyr bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt (§ 26). Dette har vore lovleg å nytte til jakt før den nye lova blei gjeldande. Forskrift om utøving av jakt, felling og fangst § 29a opnar likevel for at kommunen i forskrift kan opne for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort. Bruken av restlysforsterkande og termiske siktemiddel skal avgrensast til jakt i ope terreng. Jaktutøvingsforskrifta kan du lese her. Her kan du sjå høyringa og gje innspel. Spørsmål kan rettast til sakshandsamar, Lindis Østgård.E-post: lindis.ostgard@gloppen.kommune.no Publisert 13.07.2026 14.01 Sist endra 13.07.2026 14.01