Vi ønskjer dykkar innspel til høyringa om mellombels endring i «Forskrift om sals- og skjenketider for alkoholhaldig drikk og om opningstider for serveringsstadar, Stad kommune, Vestland»
Innspel kan sendast inn via eDialog gjennom denne lenka:
https://min.kommune.no/s/921060157
Frist for å kome med innspel er 8. april 2026. Hugs å merke med saksnummer 26/6455
Framlegg til forskriftsendring
Teksten under viser forskriftsendringa som no er på høyring og som kommunen ønskjer innspel til.
Skjenketider under fotball-VM 2026
For perioden 11. juni til 19. juli 2026 vert maksimal skjenketid for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 fastsett til kl. 06.00. Skjenketida gjeld berre for skjenkestadar som viser direktesende kampar for i fotball-VM for herrar 2026 for stadens gjestar.
Skjenketida gjeld for skjenking innandørs. For utandørs servering gjeld ordinære skjenketider som vist under § 3.
All konsumering av alkoholhaldig drikk skal seinast vere avslutta ½ time etter skjenketids slutt for dei respektive alkoholgrupper.
Stad kommunestyre ber kommunedirektøren leggje opp til ein brei og open høyringsprosess, men likevel tilstrekkeleg effektiv til at saka kan handsamast i kommunestyremøte 7. mai 2026. Stad kommunestyre vil først då ta endeleg stilling til saka.
Politisk sak i kommunestyret 12.03.26 og høyringsnotat frå Helse- og omsorgsdepartementet finn de her
Eventuelle spørsmål i saka kan rettast til:
Anna Karete Bjørlo
E-post: anna.karete.bjorlo@stad.kommune.no
Kristine Dahl
E-post: kristine.dahl@stad.kommune.no