Informasjon om skriftleg handsaming i 2 politiske saker i Stad formannskap med frist 07.09.2026 kl 13.00Stad kommune fekk 2. september tilsendt to saker om vertkommunesamarbeid arkivordning. Det var ikkje mogleg for kommunedirektøren å få utgreidd desse sakene til formannskapsmøtet 3. september 2026. Vestland fylkeskommune har opplyst at den politiske handsaminga i fylkeskommunen allereie er i gong, og at det er viktig at sakene blir avgjort av dei deltakande kommunane i same periode. Konkret så handsama Hovudutval for kultur i Vestland sak om samarbeidsavtalar 26. august, og så skal saka til fylkesutvalet 09. september og fylkestinget 29. september.Ordføraren finn at sakene kan handsamast i tråd med reglane om hastemøte i kommunelova § 11-8 2. ledd. Stad formannskap handsamar difor desse 2 politiske sakene skriftleg før komande kommunestyremøte 10. september 2026. Formannskapet har frist for tilbakemelding 07. september 2026 kl 13.00. Her finn du innkallinga. Publisert 04.09.2026 13.22 Sist endra 04.09.2026 14.17