Verkstaden er ein del av eit felles utviklingsarbeid i regi av Visit Nordfjord, der målet er å styrkje og vidareutvikle kvar av kommunane som attraktive reisemål i Nordfjord-regionen.
Kunnskapen og innspela frå verkstaden blir også ein del av grunnlaget for ein revidert strategi og temaplan for næring og reiseliv i Stad kommune. Denne skal peike ut retninga for den vidare utviklinga dei komande åra.
Som del av prosessen med planen blir det no også gjennomført ei kartlegging av no-situasjonen, for å få eit klart bilete av status, roller, rutinar og moglege forbetringsområde. To spørjeundersøkingar blir sendt ut – éi retta mot næringslivet og éi mot politikarar og kommuneadministrasjonen. Undersøkingane blir deretter følgde opp med intervju.
– For å samle næringslivet og skape engasjement rundt arbeidet, inviterer vi no til ein “kickstart” med Simen Staalnacke. Vi håper dette skal bli ein inspirerande oppstart i arbeidet med planen. Målet er å saman løfte fram dei gode forteljingane om Stad. Det handlar om å snakke kvarandre fram, styrkje omdømet og legge grunnlag for vekst og rekruttering. Vi håpar mange engasjerer seg og vil ta del i arbeidet, seier Arild Vonheim, rådgjevar i Stad kommune.
Invitasjon og påmelding til verkstad
Påmelding - arbeidsverkstad med Simen Staalnacke, 25. februar, kl 16.30 – Fyll ut skjema

Kreativ verkstad med Simen Staalnacke
- Bli med å gje retning for Stad som destinasjon!
Regionen vår er unik. Stadig fleire kjem for å besøke Nordfjord,
og Stad kommune - med alt vi allereie har å by på! - Men korleis
kan, og ønskjer vi å utvikle oss vidare?
Kva skal til for å gjere Stad til ein destinasjon som både
lokale, nasjonale og internasjonale gjestar får lyst til
å oppleve - og komme tilbake til - året rundt?
Kva forteljing skal vi lage om Stad? - Kva skal vi
vere og korleis skal vi fortelje den?
Saman med Simen Staalnacke inviterer vi deg til ein
kreativ ettermiddag der vi utforskar idéar, ønskjer og
innspel som kan gje oss eit godt og riktig grunnlag
for vegen vidare!
Vi håpar du tek turen!
Arrangementet er gratis.
Påmelding: Scan QR-kode
Stad rådhus, 25. februar kl. 16.30-21.00.