Inviterer til kurs om formidling av kultur og natur

Som del av verdiskapingsprosjektet «Stad i 4000 år», inviterer Stad kommune til eit 2-dagars introduksjonskurs i kultur- og naturrettleiing på Stad hotell 7. - 8. mai 2026.

Kurset skal bidra til:

  • Kompetanseheving i guiding, vertskap og historieforteljing
  • Å formidle lokal kultur, natur og historie på ein engasjerande og profesjonell måte
  • Å styre ferdsel og informere om sårbar natur og kulturminne
  • Nettverksbygging mellom næringsaktørar
  • Grunnlag for produktutvikling innan reiseliv
  • Les meir om kurset her

Praktisk informasjon og påmelding:

  • Inntil 12 deltakarar
  • 2 dagar (16 timar) inkl. lunsj
  • Deltakaravgift 450 kr
  • Påmelding innan 31. mars til: tonje.traedal@stad.komune.no
  • Du får kursdiplom og 1 års gratis medlemskap i Interpret Europe
  • Moglegheit for nytt oppfølgings dersom det er interesse

Kurshaldar

Kristian Bjørnstad er sertifisert kurshaldar i kultur- og naturrettleiing. Han er utdanna samfunnsvitar og pedagog, og jobbar til dagleg som leiar for Norske Parkar, med ansvar for 9 regionparkar i 40 kommunar. Han er også nyvalt leiar for dei Europeiske regionparkane.
Kristian Bjørnstad hadde også ansvar for utarbeiding av Stad kommune sin formidlingsplan for UKL Stadlandet i 2024.

Kurset er ope for alle.  - Ta kontakt med Tonje Ramse Trædal på tlf. 92629512 for info.