Inviterer til samling om næring og reiseliv 10. februar

Tysdag 10. februar ønskjer Stad Vekst og Stad kommune velkomen til samling med temaet næring og reiseliv i Stad på agendaen.

- Bli med på ei spennande morgonøkt fullpakka med informasjon, inspirasjon og oppdateringar på kva som skjer rundt reiselivssatsinga i Stad og Nordfjord!

Samlinga blir arrangert i samarbeid med Visit Nordfjord, Berekraftig reisemål og Drivkraft. 
Alle med interesse for for temaet og ønskjer å høyre på innlegga er velkomne til å ta del. 

Tid: Tysdag 10. februar kl. 08.00-09.40
Stad: Kommunestyresalen Stad rådhus.
Vi håper flest mogleg tek turen til rådhuset, men det vil også vere mogleg å delta digitalt:
Lenkje til digitalt møte.

Program: 

Region Fjordane og Stad Vekst

  • Merke for berekraftig reiseliv
  • Nytt regionalt reiselivsråd i Nordfjord
     

Visit Nordfjord i endring

  • Status og prioriterte oppgåver framover
     

Siste nytt frå Stad kommune

  • Etablering av lokalt reiselivsråd i Stad
  • Ny temaplan for næring og reiseliv
  • Undersøking til næringslivet
  • Besøksforvaltning Selje og Stadlandet
     

Prosjekt Stad i 4000 år

  • Verdiskaping- og destinasjonsutviklingsprosjekt med utgangspunkt i den rike kulturarven vår
  • Guidekurs
     

Næringsstiftinga Drivkraft

  • Drivkraft for innovasjon og næringsutvikling
     

Samling for næringslivet

  • Informasjon om kreativ samling med Simen Staalnacke

 

Velkomne!