Kloring og kokevarsel KjødeGrunna bakteriefunn på vassledningsnettet tilrår vi å koke vatnet inntil nytt varsel vert sendt ut. Oppdatering 18.september: Ny kloring 19.september frå kl. 09:00. Ikkje muleg å bruke vatn frå 09:00 til 19:00. Ta kontakt om de har behov for nødvatn. Tapp gjerne opp vatn til vatn til forbruk utover dagen. Treng de meir informasjon ring vakttelefon på 97990416.Kloring av høgdebasseng: på grunn av prøver med uønska verdiar på kimtal og kloriforme bakteriar vert vassbassenget tilknytta Kjøde bustadfelt klora i dag, 11.september frå kl. 11:00. Det vil difor vere klorsmak på vatnet ei kort periode. Kokevarselet er mellombels og vil pågå fram til vassprøvene syner at vatnet er heilt reint og bakteriefritt. Sjå her kven som er berørt. Les Folkehelseinstituttet sine råd om kokevarsling her. Publisert 18.09.2025 14.17 Sist endra 18.09.2025 14.18