Kom i gong med bær! Ny samling – med praktiske tips og råd om å starte oppEtter ei svært vellukka inspirasjonssamling i Innvik, inviterar vi til ei ny samling der vi tek steget vidare. Denne gongen fokuserer vi på konkrete tips og verktøy for deg som vil kome i gong med bærproduksjon.📅Dato: Onsdag 11. mars⌚Tid: kl. 18.30-21🏠Stad: Kommunestyresalen, Heradshuset, Sandane Program for samlinga:"Bærdyrking 1-2-3": Kva må eg gjere for å kome i gong? v/Thimmy Klaassen, NLRInformasjon om Norsk Landbruksrådgivning (NLR): Kven vi er, kva vi tilbyr, korleis vi kan vere til nytte ved oppstart av bærproduksjon v/Thimmy KlaassenUlike ordningar for støtte og tilskot v/Trine AlmeErfaringsdeling frå ein bærprodusentSpørsmål og samtaleSamlinga er for deg som skal starte opp med bærproduksjon, eller er interessert i bærproduksjon og vurderer om dette kan vere noko for deg og ditt gardsbruk. Dersom du allereie driv med bær og ynskjer fagleg påfyll og fellesskap, er du òg velkomen! Påmelding innan 5. mars, til jofrid.brennseter@gloppen.kommune.no, tlf. 97 99 10 51.Arr: Prosjektet «Rekruttering til bærnæringa i Gloppen, Stad og Stryn» Publisert 17.02.2026 14.41 Sist endra 17.02.2026 14.52