Kommunedelplan for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett er vedteken

Kommunedelplan for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett 2024-2035 vart vedteken av Stad kommunestyre i møte 12.september 2024, KS 24/123.

Formålet med denne planen er å sette ei retning for utviklinga innan fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett i Stad kommune dei neste 12 åra. Kommunen skal vere ein aktiv tilrettelegger, samskapingspartnar, og arealforvaltar for friluftsliv og fysisk aktivitet.  Planen skal vere eit styringsverktøy som kan brukast saman med frivillige lag og organisasjonar og andre aktørar. Det er ein langsiktig plan som peika ut retning og strategiske satsingar, men går ikkje i detaljar i planlegging for konkrete prosjekt som til dømes nye anlegg, plassering med meir. 

Meir informasjon om planen finn du her!