Det er med djup sorg vi har motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald V er død.
Kong Harald har gjennom si lange kongegjerning vore eit samlande symbol for landet vårt. Med varme, klokskap og nærleik til folket har han tent Noreg og stått støtt i både gode og krevjande tider. Valspråket «Alt for Norge» har prega livsgjerninga hans.
Gjennom talane sine sette Kong Harald ord på kva slags land Noreg er. Han minna oss om at nordmenn er mange ulike menneske med ulik bakgrunn, tru og livsveg, men at vi høyrer saman som eitt folk.
I dag går tankane våre særleg til Hennar Majestet Dronning Sonja, til den kongelege familien og til alle som sørgjer over tapet av ein høgt elska konge. Samstundes går landet inn i ei ny tid, med ein ny konge som tek over ansvaret og gjerninga.
Vi minnest Kong Harald med djup respekt og stor takksemd.
Judith Kvåle
ordførar i Stad kommune

Gud sign vår konge god!
Sign ham med kraft og mot
sign hjem og slott!
Lys for ham ved din Ånd,
knytt med din sterke hånd
hellige troskapsbånd
om folk og drott!