Arbeidet med budsjett og handlingsprogram
I gårsdagens møte vart det lagt fram ei sak som gjer nærare greie for det vidare arbeidet med handlingsprogram 2027–2030, samt ei eiga sak knytt til investeringar 2027–2030. Stad kommune sitt handlingsprogram er ein viktig del av planleggingsprosessen for kommunen då handlingsprogrammet gjev grunnlag for prioritering av ressursar og tiltak innanfor kommunen sine økonomiske rammer. I forrige møterunde vedtok Stad kommunestyre driftsrammene for kommunalområda i komande økonomiplanperiode, der dei økonomiske rammene for 2027–2030 er vidareført frå sist vedteken økonomiplan.
Kommunen vart meldt ut av Robek-registrert i mars. I samband med innmeldinga oppstod det ei plikt for kommunen til å utarbeide ein tiltaksplan som skulle synleggjere korleis kommunestyret skal arbeide for å få økonomiplanen i balanse gjennom økonomiplanperioden. Tiltaksplanen danna seinare, saman med budsjett 2026 og handlingsprogram 2026–2029 og rekneskapen for 2025, grunnlaget Stad kommune si utmelding av Robek-registeret. Det blir avgjerande dei neste åra at kommunen føl opp den vedtekne tiltaksplanen som ligg i budsjett og økonomiplanen.
For å forstå handlingsrommet for vidare omstilling og endring i Stad, er det viktig å kjenne den lokale historikken og å forstå dei viktigaste drivarane for norsk økonomi generelt og kommuneøkonomi spesielt. Les meir om dette i sak om Vidare arbeid med budsjett 2027 og handlingsprogram 2027-2030
Innbyggjarforslag knytt til arbeid med helse- og omsorgstenester i kommunen
Stad kommunestyre takkar for engasjementet som så mange av innbyggjarane i Stad kommune viser i kommunen sitt arbeid med planlegging, organisering og drift av helse- og omsorgstenestene. Kommunestyret har forståing for at kommunen sine omstillingsprosessar og store reduksjonar i kommunen sitt driftsbudsjett gjer innbyggjarane uroa. Prosessane som kommunestyret har starta opp innan helse og omsorg må likevel halde fram, og difor vedtok kommunestyret at innbyggjarinitiativet om å stoppe dei pågåande omstillingsprosessane innan helse- og omsorgstenesta med krav om desentralisert helse- og omsorgsteneste ikkje etterkomast. Heile kommune-Norge står i ei brytningstid, med store krav til omstilling og endring. Midt i dette står Stad kommune i ein svært krevjande økonomisk situasjon. Det pågåande arbeidet med planlegging, organisering og drift av helse- og omsorgstenestene som går no skal synleggjere valmoglegheiter, og først då vil kommunestyret gjere sine vegval.
I møtet oppmoda ordfører alle som er særleg interessert i utviklinga av helse og omsorgstenestene i kommunen om å sjå opptaket frå informasjonsmøte om framtidas helse og omsorgstenester i Stad kommune som vart gjennomført før sommaren. Les meir om saka her.
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.
Stad skipstunnel
Stad kommunestyre handsama også ein rekke sentrale saker knytt til Stad skipstunnel, mellom anna Eigarskapsstrategi for hamner, industriområde og utviklingsprosjekt, samt fleire saker knytt til utbyggingsavtaler.
I tillegg fekk kommunestyret besøk av AF gruppen som orienterte om arbeidet som skal starte opp rundt bygging av Stad skipstunnel.
Kommuneplanen sin arealdel
Stad kommune skal i dei kommande åra revidere kommuneplanen sin arealdel. I sak om kommuneplanen sin arealdel vart det orientert om føremålet med planarbeidet og vidare prosess.
Kommuneplanen sin arealdel kan styre kvar og på kva vilkår areal kan brukast og utviklast, til dømes til bustad, næring, infrastruktur, landbruk, friluftsliv eller vern. Føremålet med revisjonen er å utarbeide ein oppdatert, heilskapleg og framtidsretta arealdel som omset måla og arealstrategiane i kommuneplanen sin samfunnsdel til juridisk bindande arealbruk. Arealdelen skal vere kommunen sitt langsiktige styringsverktøy for arealpolitikken og gi tydelege og føreseielege rammer for framtidig utvikling, reguleringsplanar, byggjesaker og kommunen si samla arealforvaltning.
I denne møterunden vart det gjennomført ein arbeidsverkstad i planutvalet. Planutvalet drøfta mellom anna kva forventingar dei folkevalde har til planarbeidet. Dette er førebyggande til neste politiske møterunde, der planprogrammet for Kommuneplanen sin arealdel skal handsamast og leggast ut på høyring.
Gjennom arbeidet med samfunnsdelen har vi brukt mykje tid på kva slags kommune vi ønskjer å vere, gjennom arealdelen set vi rammene for utvikling og forvaltning av kommunen sine areal. Som ordførar er det viktig for meg at dette ikkje berre er ein administrativ planprosess eller øving, men ein prosess der vi folkevalte tek eit tydeleg eigarskap. Derfor har planutvalet har ein sentral rolle som ein aktiv politisk arena der mange av dei politiske diskusjonane i utviklinga av planen vil skje. Samstundes vil det etablerast ulike fora og arenaer for medverkned framover slik at innbyggjarene kan bidra med innspel.
Ordførar Judith Kvåle
Les meir om saka her.