
Arbeidet med budsjett og handlingsprogram
Kommunestyret handsama «Budsjett 2027 - Handlingsprogram 2027-2030». Saka er sjølve grunndokumentet for arbeid med kommande økonomiplanperiode. Den tek føre seg dei økonomiske rammene og hovudtrekk for Stad kommune sin økonomiplanperiode 2027-2030, med bakgrunn i budsjett for 2026, handlingsprogram 2026-2029 og kommuneproposisjonen for 2027.
Ein ser mellom anna at nye tenestebehov som kjem til i løpet av 2026 vil kome som ei ekstra utfordring i 2027. Her ser vi utfordringar med nye brukarar som treng tilrettelagde tenester, rekrutteringsutfordringar knytt til fagpersonell innanfor helse og omsorg og stort behov for vedlikehald og oppgraderingar av kommunale bygg og kommunale vegar.
Stad kommunestyre vil få saka om budsjett 2027 og handlingsprogram 2027-2030 til endeleg handsaming i den politiske møterunden i november/desember. Der vil det bli orientert om kva som er gjort av innsparingar i budsjettarbeidet og om ein har oppnådd innsparingskravet i kommunalområda for budsjett 2027.
Sjå her for behandling av saka
Vedtak av kommuneplanen sin samfunnsdel
Stad kommunestyre handsama også «Kommuneplanen sin samfunnsdel 2026-2038» som har vore ute på høyring. Kommunen står overfor fleire utviklingstrekk som vil påverke både lokalsamfunnet, tenestene og kommunen si rolle i åra framover. Demografiske endringar, klima- og naturutfordringar, strammare økonomiske rammer, endringar i nærings- og arbeidsliv og aukande forventningar til medverknad og tenestekvalitet stiller nye krav til kommunen si planlegging og prioritering.
I møte med desse utviklingstrekka har kommuneplanen sin samfunnsdel ei sentral rolle som overordna styringsdokument for kommunen si langsiktige utvikling. Samfunnsdelen skal peike ut retning, samle kommunen om felles mål og leggje grunnlag for prioriteringar på tvers av sektorar og tenesteområde. Planen skal bidra til heilskapleg og berekraftig samfunnsutvikling ved å sjå miljømessige, sosiale og økonomiske omsyn i samanheng.
Sjå her for behandling av saka
Tidslinje for arbeid med skule- og barnehagestruktur
Denne saka er ein oppfølging av sak om «Oppfølging av Tiltaksplan 2026-2029 - Strukturendring barnehage og skule», der kommunestyret vedtok å starte utgreiingar rundt skulestruktur. I den samanheng bad kommunestyret om å få framlagt ein snarleg plan for korleis dette kan skje.
Utgreiinga skal innehalde konsekvensvurderingar knytt til bulyst, næringsutvikling og folketalsutvikling i høve til dei krinsane utgreiinga gjeld. I følgje tidslinja er det planlagt oppstart av ressursgrupper august 2026. I september-oktober 2026 vert det prosjektgruppemøter, samt ressursgruppene planlegg og gjennomfører prosessar rundt involvering av interessentar. I november–desember 2026 gjennomfører prosjektgruppa nødvendige utgreiingar og analysar, og legg fram sak til politisk behandling desember
2026. Eventuelle vedtak om høyring av strukturelle endringar vert lagt fram for Stad kommunestyre februar 2027, og ein tek sikte på endeleg avgjerdsle i mars 2027.
Sjå her for behandling av saka
Leidningsfornying vatn og avløp
Trygg vassforsyning er ein grunnleggande del av kommunen sitt tenestetilbod og har stor betydning for innbyggjarane si helse, tryggleik og livskvalitet. Kommunen har ansvar for ei trygg og sikker vassforsyning til innbyggjarane, både i normal drift og i beredskap.
Drikkevassforskrifta stiller krav om sikker levering av tilstrekkelege mengder helsemessig trygt drikkevatn, og pålegg vassverkseigar å sikre leveringssikkerheit og ha nødvendig beredskap. Stad kommune har om lag 178 km kommunale leidningar for vassforsyning med varierande alder og kvalitet. Temaplan for vassforsyning peikar på utfordringar knytt til gamle leidningar, lekkasjar og behov for auka fornyingstakt.
Denne saka beskriv korleis Stad kommune kan arbeide meir langsiktig og med førebyggande tiltak opp mot å redusere risiko knytt til vassforsyning.
Kommunestyret handsama saka og administrasjonen skal arbeide vidare med modell 3 som grunnlag for økonomi og handlingsplan 2027–2030. Det skal i september leggast fram ein handlingsplan med tidslinje for innføring av modell 3.
Sjå her for behandling av saka
Helseberedskapsplan for Stad kommune
Kommunestyret vedtok også «Helseberedskapsplan for Stad kommune» i gårsdagens møte. Dette er første gong Stad kommune har lagt fram ein samla helseberedskapsplan for politisk vedtak.
Samfunnet sitt risikobilete er i endring, med auka førekomst av mellom anna pandemiar, ekstremvêr, bortfall av kritisk infrastruktur og sikkerheitspolitiske utfordringar. Erfaringar frå særleg covid-19- pandemien har synleggjort behovet for tydeleg organisering, samhandling og planlagde prioriteringar innan helse- og omsorgstenestene.
Planen skal sikre at kommunen er førebudd på å handtere kriser og ekstraordinære hendingar som kan påverke helse- og omsorgstenestene, og sikre at nødvendige tenester kan oppretthaldast også under krevjande forhold. Den er ein sentral del av kommunen sitt samla arbeid med samfunnssikkerheit og beredskap.
Sjå her for behandling av saka
Sommarhelsing frå ordførar
Første del av 2026 har vore eit innhaldsrikt halvår med mange krevjande saker på dagsorden. Men engasjement, pågangsmot og eit framifrå samarbeid har gitt resultater. Med handlingskraft og målretta arbeid kom vi oss ut av Robek. Gjennom kommuneplanen sin samfunnsdel har vi peika ut kursen for samfunnet vårt dei neste
åra. Og nyleg kom gladnyheiten om at verdas beste vesle Stad skal få verdas første skipstunnel. Det ventar mykje arbeid på oss framover hausten. Når vi no går inn i sommaren vil eg nytte høvet til å takke alle de som bur og lever her, de som engasjerer dykk politisk og de som arbeider i Stad kommune for at de bidreg til å skape eit trygt og livskraftig lokalsamfunn i kommunen vår.
Riktig god sommar!
Ordførar Judith Kvåle