Kunngjering av vedtak - Mindre endring i detaljregulering for MOWI RundereimstrandaStad kommune ved Kommunedirektøren har i administrativt vedtak 19.02.2026 godkjend søknad om mindre endring av detaljregulering for MOWI Rundereimstranda.Det er søkt om mindre endring for å leggje til rette for flytebryggje sør i planområdet, på grunn av endra føresetnadar i høve tiltak mot forureining for MOWI sitt anlegg. Grunngjeving for ønske om å endre ein nyleg vedteken plan er føringar frå Meld. St. 24 (2024-2025) som kom våren 2025, og legg føringar for påverknad av akvakultur og nye forureiningreglar for havbruk som kom sommaren 2025. I medhald av Plan- og bygningslova § 12-14 og Reglement for delegering og innstilling i Stad kommune, datert 24.10.2019, kan kommunestyret delegere mynde til å vedta mindre endring av reguleringsplanar "når endringene i liten grad vil påvirke gjennomføringen av planen for øvrig, ikke går utover hovedrammene i planen, og heller ikke berører hensynet til viktige natur- og friluftsområder." (§ 12-14 i plan- og bygningslova) Kommunedirektøren gjorde med bakgrunn i dette følgjande vedtak: "I medhald av Plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd vert mindre endring av detaljregulering for MOWI Rundereimstranda med planID 2024001 godkjend. Planendringa kjem ikkje i konflikt med viktig naturmangfald, jf. Naturmangfaldlova § 7. "Dokumenta i saka finn du i kommunen sitt digitale planregister under fana “Behandlinger”. Publisert 19.02.2026 14.50 Sist endra 19.02.2026 14.53