Ordførar Judith Kvåle var på plass for å gratulere og hylle jubilanten. Her kan du lese talen ho heldt under markeringa.

Kjære alle saman,
På dette sjukehuset har eg født, blitt operert, fått omsorg
Eg har vore pårørande, vore redd, mista og hatt håp, og eg har vorte teke i vare i den rolla og
På dette sjukehuset har eg vore med å ta imot nytt liv, eg har jobba pasientnært, og eg har prøvd å yte både fagleg og empatisk omsorg i ein profesjonell rolle.
Og det er ikkje unikt for meg – vi er svært mange i Nordfjord som har akkurat den same nærleiken til sjukehuset. Derfor gir dagen i dag mange følelsar for svært mange mennesker
Nordfjord sjukehus er 90 år. Men historia om sjukehuset vårt begynner eigentleg før 1936.
I 1924 vart Eid Røde Kors skipa. Det første dei tok fatt på, var å opprette og drive ei sjukestove på Eid. Der var det nokre få sengeplassar, og ein kunne gi enkel akuttbehandling og behandle sår. Bakgrunnen var ganske enkel: Det var langt til sjukehus når noko hende.
Tolv år seinare stod Nordfjord sjukehus ferdig.
Vi kjenner historia om William Henry Singer og kona Anna i Olden. Singer hadde sjølv opplevd kva avstand kunne bety då venen hans, Sivert, vart alvorleg sjuk og døydde under transport til Bergen. Då nordfjordingane samla seg om å få eit eige sjukehus, kom Singer med det avgjerande økonomiske bidraget. Men sjukehuset var også resultat av ei lokal mobilisering, av folk som gav pengar og arbeid, og av John Myklebust og Olav Monsson, som gav tomta i Prestemarka.
juni 1936 tok sjukehuset imot den første pasienten. Berre nokre månader seinare kom Lodalsulukka. 74 menneske miste livet, og det heilt nye sjukehuset måtte ta imot skadde frå ein av dei største naturkatastrofane i norsk historie. Sjukehuset fekk tidleg vist det var bygd med rette.
Nordfjordingen er oppteken av sjukehuset sitt – og det stoppa ikkje der..
Frivilligheita forsvann ikkje då sjukestova vart avløyst av sjukehuset. Røde Kors heldt fram med pasientbesøk og med å samle inn pengar til utstyr. Mange tiår seinare gjorde regionen det same igjen. Då vi ønskte MR på Nordfjordeid i 2005, tok Nordfjordrådet initiativ til innsamling, og i løpet av få månader var ein komen opp mot to millionar kroner.
Og eigarskap viser seg ikkje berre i kroner og dugnad. Det viser seg når noko står på spel.
Det gjorde det i 2011, då fødeavdelinga og den ortopediske verksemda vart lagde ned. Det var ein hard sjukehuskamp i Nordfjord. Og dei som var med den gongen, hugsar nok framleis sju ord frå Liv Signe Navarsete:
«Du veit ikkje kva du snakkar om.»
Det vart vel ikkje den setninga nokon hadde planlagt skulle bli ståande etter den sjukehusdebatten. Men slik vart det.
Bak temperaturen låg likevel noko langt meir grunnleggjande. Folk kjempa fordi sjukehuset betydde noko for dei, og fordi avstand framleis betyr noko når ein blir sjuk eller skadd.
Det same engasjementet har vi sett igjen dei siste åra rundt skadepoliklinikken. I 2024 mobiliserte ein heil region då tilbodet stod i fare, og også i 2025 og 2026 har diskusjonen halde fram.
Eg trur derfor at det er noko viktig å ta med oss når vi i dag feirar 90 år.
Bygningar har kome til. Medisinen har endra seg. Oppgåver er flytta, nye er komne til, og sjukehuset i dag er noko heilt anna enn dei 40 sengene som stod klare i 1936.
Gjennom alle desse åra har menneska vore her. Legar og sjukepleiarar, reinhaldarar og bioingeniørar, radiografar, portørar, terapeutar, merkantile og teknisk personell, og mange fleire. Generasjonar av tilsette som har gått på jobb kvar dag og gjort ein institusjon til eit sjukehus.
Og rundt dei har det stått eit lokalsamfunn og ein heil region som igjen og igjen har vist at dette sjukehuset betyr noko.
Det begynte før 1936 og det held fram i dag.
På vegner av Stad kommune: Gratulerer med 90-årsjubileet til Nordfjord sjukehus, og ei stor takk til alle dykk som har vore med på å fylle desse 90 åra med innhald.
Ordførar
Judith Kvåle