Melding om vedtak i klagesak - Detaljregulering for Skaffarmarka - Mindre endringKlage på vedtak om mindre endring av detaljregulering for Skaffarmarka vart handsama av Stad formannskap i møte 16.02.2026 - F-sak 26-006.Formannskapet gjorde følgjande samrøystes vedtak: “Klagen på mindre endring av detaljregulering for Skaffarmarka vert ikkje teken til følgje. Klagen vert oversendt til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjersle. ”Statsforvaltaren har normalt ei saksbehandlingstid på om lag 3 månadar i klagesaker. Publisert 18.02.2026 11.46 Sist endra 18.02.2026 12.22