MS Skulebas til Nordfjordeid Måndag den 28. september legg Måløy vgs sitt eige opplæringsfartøy, MS Skulebas, frå kai og reiser på seglas i regionen vår. I løpet av seglasen skal fartøyet innom mange hamner, og i kvar hamn ønsker dei å invitere både elevar, føresette og innbyggararane elles velkomen ombord på Ope skip. Her møter besøkande både elevar og lærarar som vil gi omvising på det flotte skipet, i tillegg til å dele informasjon om skulen sitt mangfaldige tilbod. I Stad kommune kan du besøke skipet tysdag 29.september kl. 19:00 på kaia Port of Nordfjordeid. Les meir her. Publisert 28.09.2026 13.55 Sist endra 28.09.2026 13.55