No kan frivillige organisasjonar søke momskompensasjon - Søknadsfrist 1. september 2026.For søknadsrunden 2026 er det nytt regelverkLotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele over 3 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2026.Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å godtgjere for kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.Organisasjonen må vere registrert i Frivilligregisteret, og frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda for å søke.Søknadsfristen er 1. september 2026.Det kan søkast etter to modellar. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for organisasjonar som skal søke gjennom sentralledd.Merk: Organisasjonar som er knytt til eit sentralledd (for eksempel Norges idrettsforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening eller liknande) skal sende søknaden via dei. Sentralledda har eigne søknadsfristar som er tidlegare enn Lotteri- og stiftelsestilsynet sin frist. Ved spørsmål om ordninga må de kontakte Lotteri -og stiftelsestilsynet. For søknadsrunden 2026 er det nytt regelverk. Søknadsskjema og informasjon om ordninga finn de på Lotteri- og stiftelsestilsynet sin nettstad Publisert 01.06.2026 08.37 Sist endra 01.06.2026 08.38