Forsvaret, politiet, kommune, helsevesenet, Sivilforsvaret og Røde Kors samlast til samvirkeøvinga Nordavind 2026. Øvinga vil i hovudsak gå føre seg i nordre del av Vågsøy og Måløy i Kinn kommune. Det vil vere synleg militær aktivitet, væpna politi og personell frå fleire beredskapsorganisasjonar. Det kan også bli mykje trafikk med militære køyretøy
og utrykkingskøyretøy.
Under Nordavind 2026 skal aktørane trene saman på å handtere eit komplekst situasjonsbilete der godt samarbeid, tydelege roller og effektiv kommunikasjon blir avgjerande. Publikum blir bedne om å vise omsyn, halde avstand og ikkje oppsøkje øvingsområda.

Aktørane understrekar at dette er ei øving, men at delar av aktiviteten vil kunne opplevast som realistisk.
– Vi ønskjer at folk skal vite om Nordavind 2026 på førehand, slik at ingen blir unødig uroa dersom dei møter væpna politi, soldatar eller stor aktivitet frå naudetatane. Samtidig ber vi publikum om å halde avstand og ikkje oppsøkje øvingsområda. Skal vi få best mogleg treningsutbytte, er vi avhengige av å kunne gjennomføre scenarioa så realistisk og uforstyrra som mogleg, seier øvingsleiar og områdesjef i Stad HV-område, Håvar Tandstad.
Politiet kjem med den same klare oppmodinga.
– Folk må halde avstand til øvingsområda og rette seg etter instruksar frå politiet, Forsvaret og dei andre aktørane. Det er ikkje nødvendig å oppsøkje øvinga for å sjå kva som skjer. Nordavind 2026 vil bli godt dokumentert og publisert i media i etterkant. Ved å halde avstand bidreg publikum til at vi kan gjennomføre øvinga så realistisk og godt som
mogleg, seier politioverbetjent Roger Gundersen.
Første samvirkeøving av sitt slag i området
Nordavind 2026 er initiert og koordinert av Stad HV-område. Planlegginga starta allereie i oktober 2025, etter dialog mellom Stad HV-område, Helse Førde og Kinn kommune.
Sidan har Nordavind 2026 utvikla seg til eit omfattande samarbeid mellom Stad HV[1]område, politiet, Helse Førde, beredskapsleiinga i Kinn kommune, Måløy legekontor, Kinn brann og redning, Sivilforsvaret og Røde Kors.
Dette er første gong det blir gjennomført ei samvirkeøving av denne typen og i dette omfanget mellom Forsvaret og sivile beredskapsaktørar i området.
– Det mest verdifulle med Nordavind 2026 er ikkje at kvar organisasjon får trene på det dei allereie kan. Det viktige er å finne ut korleis vi fungerer saman når situasjonen blir komplisert, ansvaret kryssar organisatoriske grenser og fleire aktørar må løyse oppdrag samtidig, seier øvingskoordinator Håvar Fagerli.
Stad HV-område har leia og koordinert planleggingsarbeidet fram mot samvirkeøvinga.
– Vi har planlagt dette sidan oktober i fjor. Gjennom prosessen har aktørane blitt betre kjende med kvarandre sine roller, ressursar og utfordringar. Det har i seg sjølv vore verdifullt. Når vi kjenner kvarandre og forstår betre korleis dei andre arbeider, har vi også eit mykje betre utgangspunkt for å løyse oppdrag saman når situasjonen blir krevjande, seier Fagerli.
Han peikar på kommunikasjon som ein av nøklane til godt samvirke.
– Når mange organisasjonar med ulike roller, faguttrykk og kommandolinjer skal arbeide saman, blir tydeleg og effektiv kommunikasjon heilt avgjerande, seier Fagerli.
Øver i gråsona mellom fred og krig
Scenarioet for Nordavind 2026 tek utgangspunkt i ein alvorleg tryggleikspolitisk situasjon der Norge framleis er i fred, men der samfunnet står overfor hendingar som utfordrar skiljet mellom sivilt og militært ansvar.
Det overordna målet er å øve i gråsona mellom fred og krig og avdekkje utfordringar når sivilsamfunnet og Forsvaret skal samhandle.
Varsling, informasjonsdeling, rolle- og ansvarsforståing, samhandling, handtering av såra og falne, tryggleik for innsatspersonell, samband og overgang mellom sivilt og militært ansvar er blant dei sentrale øvingsmomenta.
– I ein alvorleg situasjon har ingen aktør alle ressursane eller alle svara åleine. Forsvaret, politiet, helsetenesta, kommunen og dei andre beredskapsaktørane er avhengige av å forstå kvarandre og kunne samhandle raskt. Det er dette vi ønskjer å bli betre på, seier Tandstad.
For politiet er treninga viktig nettopp fordi aktørane kan måtte samarbeide i eit komplekst og uavklart situasjonsbilete.
– Vi må vere best mogleg rusta til å løyse oppdraga våre også når situasjonen er kompleks og tryggleikssituasjonen er uavklart, i gråsona mellom fred og krig. Då er vi avhengige av godt samarbeid, tydelege roller og god informasjonsdeling mellom alle involverte. Samarbeidet med Stad HV-område og alle dei andre aktørane i planlegginga har vore svært godt, og vi ser fram til å få testa dette gjennom Nordavind 2026, seier Gundersen.
– Vi skal lære av kvarandre
Eit viktig mål med øvinga er ikkje berre å teste etablerte planar og rutinar, men også å finne ut kva aktørane kan lære av kvarandre.
Fagerli meiner sjølve planleggingsprosessen allereie har vist verdien av å samle organisasjonane rundt same bord.
– Vi har ulik kompetanse og ser situasjonar frå ulike ståstader. Det er ein styrke dersom vi klarer å bruke det rett. Gjennom planlegginga har vi fått større innsikt i kvarandre sine moglegheiter og avgrensingar. Under sjølve øvinga skal vi sjå korleis dette fungerer når tempoet aukar og situasjonen endrar seg, seier Fagerli.
Nordavind 2026 og Totalforsvarsåret
Nordavind 2026 blir gjennomført i Totalforsvarsåret 2026, og illustrerer i praksis noko av kjernen i totalforsvaret: at sivile og militære ressursar må kunne samarbeide om å førebyggje og handtere alvorlege hendingar og kriser.
– Totalforsvar handlar i stor grad om å kjenne kvarandre før noko skjer. Vi må vite kven som har ansvar, kva ressursar som finst og korleis vi kommuniserer og samhandlar når situasjonen blir krevjande. Då held det ikkje berre å ha planar på papiret. Vi må trene saman, seier Fagerli.
Militær aktivitet i heile Nordfjord gjennom veka
Nordavind 2026 er ein del av ei større øvingsveke for Heimevernet.
Heimevernet øver frå 12. til 20. september, og det må derfor påreknast militær aktivitet fleire stader i Nordfjord gjennom heile perioden.
Det kan vere militært personell, køyretøy og aktivitet i område der publikum vanlegvis ikkje møter Forsvaret. Heimevernet ber publikum vise omsyn til personellet som er på trening og halde god avstand til militær aktivitet.
I Vågsøy torsdag 17. september er oppmodinga særleg tydeleg: Ikkje oppsøk øvingsområda for å sjå på aktiviteten. Vis omsyn, følg beskjedar frå politiet, Forsvaret og andre beredskapsaktørar, og la mannskapa få gjennomføre treninga uforstyrra.
– Vi forstår godt at ei så stor øving kan vekkje interesse. Men vi ber folk hjelpe oss ved å gi mannskapa arbeidsro. Jo meir realistisk vi får trene, desto betre rusta er vi dersom vi ein dag må handtere ei verkeleg alvorleg hending, seier Håvar Tandstad.
Nordavind 2026 blir gjennomført torsdag 17. september 2026. Heimevernet sin øvingsaktivitet i Nordfjord går føre seg frå 12. til 20. september.
FAKTA: NORDAVIND 2026
Kva: Samvirkeøving med Stad HV-område, politiet, Helse Førde, Kinn kommune, Måløy
legekontor, Kinn brann og redning, Sivilforsvaret og Røde Kors.
Når: Torsdag 17. september 2026.
Kvar: Nordre del av Vågsøy og Måløy i Kinn kommune.
Mål: Trene på samarbeid og samvirke i eit komplekst situasjonsbilete i gråsona mellom
fred og krig.
Sentrale moment: Kommunikasjon, informasjonsdeling, rolleforståing, handtering av skadde, tryggleik og koordinering mellom sivile og militære aktørar.
Bakgrunn og ramme: Har vore planlagt sidan oktober 2025 og blir gjennomført i
Totalforsvarsåret 2026.