Nordfjord tildelt Merket for berekraftig reisemål

Onsdag 24. september blei Merket for berekraftig reisemål offisielt tildelt Nordfjord – eit kvalitetsstempel frå Innovasjon Norge som berre blir gjeve til reisemål som kan dokumentere langsiktig innsats for å ta vare på natur, kultur, miljø og lokalsamfunn. 

Dette er ei anerkjenning av eit omfattande arbeid som er gjort. Kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger og Stad, destinasjonsselskapet Visit Nordfjord, reiselivsaktørar i regionen og innbyggjarar har jobba i lag sidan oppstarten i 2022. 

– Dette er ikke bare et diplom å henge på veggen. Det er en forpliktelse. Vi skal fortsette å kutte utslipp, styrke lokalt eierskap og utvikle reiselivet på naturens og lokalsamfunnenes premisser – hver dag, hele året, seier Benedicte Willand Elsrud, dagleg leiar i Visit Nordfjord

Solid poengscore og framheva «best practice» 

Nordfjord oppnådde 172 av 198 moglege poeng – tilsvarande 87 prosent måloppnåing i standarden. Kontrollrapporten frå ekstern kontrollør Anne Dorte Carlson frå Consullum lyfter særleg fram tre tiltak som beste praksis: 
• Produktkatalog for natur- og kulturarv, utvikla i samarbeid med kommunane, som gjer det lettare å skape nye, berekraftige opplevingar. 
• Den samlande merkevara Nordfjord, etablert alt i 2014–2015, som i dag blir brukt både av reiselivet, kommunane og anna næringsliv. 
• Målretta arbeid med cruise, der Nordfjord har gått føre med dialog, tålegrenseanalyse og nye løysingar for å balansere mellom ringverknader og lokalsamfunn si tåleevne. 

– Arbeidet med cruise-indikatorene har vært omfattende og krevende, og reisemålet berømmes særskilt for innsatsen med å legge et godt grunnlag for målretta samarbeid om muligheter og utordringer fremover, seier Carlson i si vurdering. 

Ein felles dugnad for framtida 

Arbeidet er bygd på Masterplan for reiselivet i Nordfjord, med tydelege mål: høgare lokal verdiskaping, lågare klimautslepp og betre opplevingar for både gjester og fastbuande. Prosessen har vore breitt forankra gjennom rundebordskonferansar, samarbeid med næringsliv og frivillig sektor, og vedtak i alle kommunane. 

– Denne merksemda er eit bevis på at samarbeid nyttar. Vi har vist at små og store aktørar, offentleg og privat, kan dra i same retning når vi har ein felles plan. Nordfjord skal vere ein god stad å bu – og ein god stad å besøkje, seier Jon B. Nesje, kommunedirektør i Stryn og leiar av destinasjonsleiinga. 

Lokale røyster 

• Ordførar Arnar Kvernevik, Gloppen kommune: – Gjennom Trivselsskogen og satsing på lokalmat ser vi korleis reiseliv, folkehelse og næringsutvikling går hand i hand. Merket gjev oss inspirasjon til å halde fram. 
• Ordførar Judith Kvåle, Stad Kommune: – Med Sagastad og Sagaløypa har vi sett kulturarven i sentrum. At dette no blir løfta fram i ein nasjonal standard for berekraft, er ei stor anerkjenning. 
• Geir Aarvik, styreleiar i Visit Nordfjord: – Merket er eit startpunkt, ikkje ein sluttstrek. Vi må halde fram med å engasjere både næringslivet og innbyggjarane for å levere på løfta om eit berekraftig Nordfjord. Berekraft skal og handle om at turisme skal opplevast som eit positivt bidrag til lokalsamfunna. 

Kontinuerleg forbetring 

Merket krev at destinasjonen dokumenterer framgang og blir vurdert på nytt kvart tredje år. Det betyr at Nordfjord framover skal halde trykket oppe på dei største utfordringane: 

- redusere klimautslepp frå transport og cruise 
- styrkje innbyggjarinvolvering og gjesteadferd - balansere mellom vekst, lokalsamfunn og naturens tålegrenser
 
– Vi er stolte i dag, men vi veit at arbeidet berre så vidt har starta. Merket for berekraftig reisemål gjev oss retning, ansvar og motivasjon for dei neste åra, seier Elisabeth Birkeland Hatlenes, rådgjevar i Samarbeid i Nordfjord.