Ny app for kollektivreise frå SkyssFrå 9. mars kjem Skyss/Vestland fylkeskommune med ein heilt ny app der ein kan planlegge kollektivreisa og kjøpe billett på same stad.Endringa vil påverke kollektivbrukarar i heile Vestland, inkludert i kommunar der Skyss tilbyr bestillingstransport. Les meir om den nye appen frå SkyssFakta om appen!Den nye appen heiter SkyssDen er ei samanslåing av tre appar: Skyss Reise, Skyss Billett og Skyss BestillingAlle som har den gamle appen Skyss Reise på mobilen sin, vil motta den nye appen automatisk gjennom ei oppdateringI ny app kan ein både planlegge kollektivreisa og betale for billetten, for alle reiser med Skyss (bybane, buss og båt) i heile Vestland fylkeEin kan bruke den gamle appen Skyss Billett ei stund til. Dersom du har ein gyldig billett i Skyss Billett, kan du vente til denne går ut før du begynner å kjøpe billettar i ny app.Ein kan ikkje flytte billettar frå Skyss Billett til ny Skyss-app. Ein får heller ikkje flytta opparbeidd reiserabatt frå den gamle til den nye appen.Appen Skyss Bestilling vil også fungere parallelt med den nye appen ei tid framover, slik at ein kan velje om ein vil bruke Skyss eller Skyss Bestilling for å bruke bestillingsbuss i dei områda som har dette.Av tekniske grunnar vil ikkje alle brukarar få oppdatering til den nye appen på sjølve 9. mars. Utsendinga av ny app vil skje over ein to-vekers-periode. iPhone-brukarar treng ikkje å vente på tur, men kan sjølv velje å laste ned den nye appen frå Appstore.Ta gjerne kontakt Skyss dersom de har spørsmål. Publisert 02.03.2026 11.43 Sist endra 02.03.2026 13.05